Landslaget for lokalaviser

Artikkelstart

Landslaget for lokalaviser er ein organisasjon skipa i 1976 for å styrkje lokalavisene.

Faktaboks

Også kjent som
LLA

Landslaget for lokalaviser (LLA) vart skipa på Voss 15. mai 1976 med det føremålet å styrkje lokalavisene, slik at dei kan tene og stimulere demokratiet, kulturen og næringslivet i lokalsamfunna. Skipingsnamnet var Landslaget for norske bygde- og bydelsblad. Året etter vart namnet endra til Landslaget for norske bygdeblad, og i 1983 tok organisasjonen namnet Landslaget for lokalaviser.

Initiativet til organisasjonen vart teke av Ingolv Vevatne, styremedlem i avisa Grannar i Etne i Vestland. Første året hadde organisasjonen 25 medlemer, ti år seinare 35, og i 1995 hadde talet auka til 63. I 2022 hadde Landslaget for lokalaviser rundt 110 medlemsaviser. Dei fleste medlemsavisene er fådagarsaviser som kjem ut ein, to eller tre dagar i veka.

Organisasjonen samordnar felles saker for medlemsavisene og er talerøyr overfor styresmaktene og andre som medverkar til rammevilkåra i avisbransjen. LLA skipar òg til avisfaglege kurs og deler ut mellom anna prisen Årets lokalavis.

Sidan skipinga i 1976 har LLA arbeidd for ei fordeling av pressestønaden som betre tener lokalavisene. I 1989 fekk organisasjonen gjennomslag for at også aviser som kjem ut ein gong i veka med minst 1000 eksemplar, skal ha produksjonstilskot. LLA har frå 1992 vore representert i alle viktige utval mellom stat og presse. Organisasjonen var såleis representert i Dagspresseutvalet som i 2000 la fram ei mediemelding som framheva lokalavisene si rolle.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gard Espeland: Lokalavisa nær og kjær. Oslo 2006
  • Gard Espeland: Tolk og tenar for lokalsamfunnet. Nærpressa i samarbeid gjennom 25 år. Oslo 2001
  • Guri Hjeltnes (red.): Norsk presses historie. Bd. 3. Oslo 2010
  • Egil Hyldmo: Landslaget for lokalaviser 1976–1996. Ein avisorganisasjon veks fram. Oslo 1996

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg