Leiv Heggstad

Faktaboks

Leiv Heggstad
Født
24. mars 1879, Namsos, Nord-Trøndelag
Død
8. mars 1954, Askøy, Hordaland

Artikkelstart

Leiv Heggstad var nynorskgrammatikar og ordboksmann. Han var med på å skipe det første studentmållaget, la planar for ei mållov og gav ut fleire debattskrifter om nynorsk.

Bakgrunn

Leiv Heggstad var fødd i Namsos i Nord-Trøndelag (no Trøndelag) og døydde på Askøy i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium ved katedralskulen i Trondheim i 1896 og vart cand.philol. i 1904 med faga norsk, tysk og historie.

Heggstad styrte Voss private gymnas 1911–1916, var overlærar ved Voss landsgymnas 1916–1931 og rektor ved Molde kommunale høgre ålmennskule 1931–1945.

Grammatikk og ordbok

Heggstad la ned mykje arbeid i grammatikk og ordbøker. Marius Nygaard hadde i 1867 på dansk-norsk skrive den første landsmålsgrammatikken etter Ivar Aasen, og Marius Hægstad gav i 1905 ut den første mållæra i landsmål på landsmål. Heggstad førte dette arbeidet vidare og skreiv Norsk grammatik for skule-ungdom (1914), Stutt lærebok i det norske landsmålet. Serleg for bygymnas (1921) og Norsk grammatikk. Større utgåve (1931, opptrykk 1966). Før Olav T. Beito gav ut Nynorsk grammatikk. Lyd- og ordlære (1970), var dette den viktigaste grammatikken i nynorsk. I 1917 gav Heggstad ut Fornorskingsordbok. Norskdansk rettskrivingsordbok med norsk ordtyding. Nye utgåver gav boka eit langt liv. I 1951 kom Gamalnorsk grammatikk.

Heggstad var ordboksmann. Frå 1905 hadde han gjort mykje grovarbeid med Gamalnorsk ordbok, som faren, Marius Hægstad, og Alf Torp gav ut i 1909. I 1930 førte han ordboka vidare med Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. I nye utgåver lever boka den dag i dag og er standardordboka for gamalnorsk. I 1930–1931 og 1942–1945 leidde Heggstad arbeidet med Norsk Ordbok.

Målføre

Han dreiv òg med målførestudiar. Somrane 1915–1918 drog han på granskarferder i Setesdal, Gudbrandsdal, Hallingdal og Valdres og i Nordfjord, og han skreiv om syntaksen der i tidsskriftet Maal og Minne (1915 og 1920). I 1932 gav han ut ei kort utgreiing om vossemålet i årsskriftet Vossabygdene. Han skreiv om stadnamn på Voss og teigenamn i Ulvik, og gav i 1950 ut Eventyr og segner på målføre frå alle kantar av landet.

Målsak

I 1897 tok Heggstad saman med Fredrik Wexelsen initiativ til eit studentmållag ved universitetet i Kristiania. Laget vart skipa tre år seinare, og Heggstad vart den første formannen. Saman med Didrik Arup Seip gav han i 1909 ut på riksmål to anonyme forsvarsskrift for landsmålet. Som forfattarar stod oppført «to filologer». I 1920-åra var han ein av fleire som la planar for ei mållov, og i 1937 gav han ut eit forsvar for i-målet.

Heggstad var innvald i Norsk Måldyrkingslag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Studentar i målstrid. Oslo 2003
  • Jarle Bondevik: «Dei fyrste grammatikkane i landsmålet etter grammatikken til Ivar Aasen», Maal og Minne nr. 1–2, 3–4/1988
  • Einar Breidsvoll: Studentmaallaget i 20 aar. 31. oktober 1900 – 31. oktober 1920. Oslo 1920
  • Olav Dalgard ofl. (red.): Studentmållaget 50 år. 1900 – 30. oktober 1950. Oslo1952
  • Severin Eskeland: «Leiv Heggstad», Norsk allkunnebok, bd. 5. Oslo 1954
  • Hallvard Framnes: «Leiv Heggstad», Vestlandske Mållag 1904–54. Bjørgvin 1954
  • Leiv Heggstad: «Norsk mål i styringsverket», Syn og Segn s. 337–351, 1923
  • Kjell Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo1992

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg