Vossamål

Voss har som sørvestlandsk elles overgangen ll til dl.
Vossevangen. Dialekta på Vossevangen er i dag under påverknad av Bergen bymål.
Vossevangen. Dialekta på Vossevangen er i dag under påverknad av Bergen bymål.
Vossevangen. Dialekta på Vossevangen er i dag under påverknad av Bergen bymål.
Av /Statens kartverk.

Artikkelstart

Vossamål er den tradisjonelle dialektaVoss og har naturleg nok mange vestnorske særdrag. Tonegangen i orda og setningsmelodien er også typisk vestnorsk. Vossamålet høyrer inn under det sørvestlandske a- målet. Dette området strekkjer seg frå og med Midtre og Indre Sogn og sørover til og med det meste av vestlege Agder.

Bygda Voss ligg nord i det gamle Hordaland fylke, om lag 10 mil aust for Bergen.

Området har endinga -a i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal: å fara, å kasta og ei veka og ei visa. I tillegg har vossamålet (som elles i sørvestlandsk) a-ending i ord som åtta (talordet åtte), heima, gjedna (gjerne) og i visse adjektivformer som det stora huse, den stora kyrkjò.

Inndeling

Bygde-dialektene i gamle Hordaland fylke kan delast inn i tre grupper: nordhordlandsmål, sunnhordlandsmål, hardangermål og vossamål. Sjå følgjande setningar, som viser noko av det som skil vossamålet frå dei andre måla:

  • Snurparana kunne ikkje fidna sillæ (nordhordlansk)
  • Snurparane konde ikkje finna sildæ (vossa-og hardingmål)
  • Snurparadne konde ikkje finna sildo (sunnhordlandsk)

Lydverk (fonologi)

Voss
Vossavangen sett fra fjellheisen Voss Gondol. Midt på bildet kan ein sjå Voss jernbanestasjon og austre delen av Vangsvatnet, og bak Bordalen sørover. Dialekta på Vossevangen er i dag under påverknad av Bergen bymål.
Voss
Lisens: CC BY SA 3.0

Diftongar

Vosse-bygdene har som Hardanger ei markert diftongering av å til ao: baot, pao, vaoren (våren). Jamfør denne setninga frå Voss: han va aotta aour i vaor. Også dei gamle lange vokalane har her tradisjonelt vore diftongiske i ord som liv, lysa, hus, sol. Dette er det lite att av i dag. Dei gamle diftongane au, ei og øy har også endra seg i vossamålet: ei blir ai, øy blir åy og au held på den gamle au-uttalen (vanleg i norsk er her øu-uttale). Eit døme frå Voss: «dai mao haim å kjåyra håye i hus» (dei må heim og køyra høyet i hus).

Vossa-u

Vokalen ò har ein spesiell kvalitet og blir kalla «vossa-u». Denne v (her skriven ò). Vokalen finst på Voss og i Hardanger. Dette er ein mellomlyd mellom u og o. I språksystemet finst vokalen mellom anna i presens av sterke verb og i nokre substantivformer, sjå nedanfor.

Skarre-r breier seg

Skarre- r har frå gammalt av funnest i delar av sørvestlandsk. Denne r-uttalen har vore svært ekspansiv dei siste 80–90 åra, og i dag er denne «skarre-uttalen» vanleg hos yngre folk i mest heile det sørvestlandske målområdet. Til og med på Voss, der rulle-r lenge heldt stand, tek nå skarre-r-en over hos dei unge.

Palatalisering

Palatalisering av velarane g og k i innlyd har tradisjonelt hatt stor utbreiing på Voss og elles i vestnorsk i ein posisjon der desse konsonantane står eller stod føre opphavleg trykklett -i eller -e. Døme: ein stakk – stakkjen, ein vegg vejjen og så vidare. Ein får her ei veksling mellom ikkje-palataliserte og palataliserte former i eit bøyingsskjema: ain skugge – skuggjen – fleire skugga. Palataliseringa av velarane er til dels på veg ut hos dei unge, som då seier veggen, skuggen og så bortetter.

Konsonanantsbandet ld står ved lag

Voss, Hardanger og Sunnhordland held på ld i former som kveld, sild, halda, mòld, kjelda (som i nynorsk).

ll > dl, rn > dn, nn > dn, mm > bm

Vossamålet har dei sørvestlandske konsonantovergangane ll til dl og rn til dn. Døme er: adle, vidle (ville), fjedl og bòdn (born), hodn (horn), kvedn (kvern) (=differensiasjon).

Der norrøn nn stod i posisjon etter diftong og lang vokal, har Voss, Hardanger og Sunnhordland overgang til dn i ubestemt form eintal av visse ord: steid'n, raid’n, teid’n, hud’n (stein, raun, tein = renning, hun) (=segmentasjon). Døme på ei setning frå Voss: «kòm bòd'n finn fram snøre å ånglar, adle kan fao vè mè ut å fiska i kveld» (kom born finn fram søre og onglar, alle kan få vera med ut å fiska i kveld).

I nordlege Sunnhordland heiter det : å fidna, å redna (renna), klebma (klemma), skjebma (skjemma). Voss og Hardanger har nn og mm i desse orda: å finna, å renna, å klemma, å skjemma.

Konsonantserdrag blir borte i samansette ord

Dei særmerkte konsonantovergangane ll til dl og rn til dn blir borte i samansette ord der sisteleddet startar med konsonant: Det heiter fjedl, men fjelltopp, hodn, men honnskei, kodn, men konnstaur, tudn, men tunnslet’n, skabm, men skammlaust og så bortetter.

Tonegang i visse ord (tonem 1-ord)

Tonegangen, musikken i orda, kjem fram i ord som solæ, bokæ, døræ, sengæ (tonem 1-ord). På Voss og på heile på Vestlandet (og i det meste av Nord-Noreg) har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. På Austlandet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høtone og lågtone går ved Lillesand på Agder. Sjå kart.

Formverk (morfologi)

Kartet viser endinga i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord. Voss og Hardanger har som indre Agder endinga -æ her: bygdæ, solæ, sengæ
Kartet viser endinga i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord. Voss og Hardanger har som indre Agder endinga -æ her: bygdæ, solæ, sengæ
Lisens: CC BY SA 3.0

Substantiv

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Voss og elles på Vestlandet og i Nord-Noreg har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. På Austlandet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

Voss og i Hardanger har to ulike former i bestemt form eintal av hokjønnsorda (og slik er det også i Nordhordland). Dei sterke hokjønnsorda får då endinga -æ, medan dei svake får -o, døme solæ og veko. Dette blir kalla «delt hokjønnsbøying».

Berre Hardanger og det sørlege Sunnhordland held på r-en i fleirtal: gutar, bilar. Vossamålet har ikkje -r i fleirtal.

  • ein hest – hesten – fleire hesta – adle hestane
  • ei bygd – bygdæ – fleire bygde – adle bygdena
  • ei visa – viso – fleire visò – adle visòne
  • eit hus – huse – fleire hus – adle husæ

Ein legg her merke til at vossamålet har tre endingar i fleirtal: hesta, bygde og visò. Desse endingane går tilbake på dei norrøne endingane -ar, -ir og -ur (hestar, bygðir og vísur). Ei typisk setning frå Voss er: «han kan syngja sånga å visò» (han kan syngja songar og viser).

Dativ

Levande dativbruk har fram til i dag funnest på Voss. Døme er: ùnde håyslea minò (under høysleden min), né aout elvinne (ned til elva), né aout hylæ (ned til hølen), dativ fleirtal: vaote på føtou (våt på føtene), på båe siou av huse (på begge sidene av huset).

Verb

På Voss misser dei svake verba -r-en i presens: ho kasta, ho leve. I presens av dei sterke verba har Voss og i Indre Hardanger former med svarabhaktivokalen -ò: ho fidnò, da knipò, fiskjìn bitò (med «vossa-o», sjå ovanfor om vokalar.

Fleirtalsbøying

I det tradisjonelle Vossamålet finn ein fleirtalsbøying av verb (det vil seia spesielle former i fleirtal), jamfør døma: eg telò (eg tel, presens eintal), me tèlja (presens fleirtal), han fauk (eintal), flisane fåkò (fleirtal). Andre døme: æg spyr, me spyrja og æg fann, me fånne (sterkt verb i preteritum).

Utviklinga i dag

Reint generelt er det slik i dei fleste dialektene at eldre tradisjonelle særdrag (ofte avstikkande særdrag) får mindre plass i språket til dei unge. Ein ser til dømes at på Voss blir fleirtalsbøying av verb borte hos dei unge, og det same skjer med og bruk av dativ. Den delte endinga i bestemt form eintal av hokjønnsorda på Voss og i Hardanger (den solæ, den viso) blir utjamna til sola og visa. Ein del av dei særmerkte konsonantovergangane blir borte hos mange unge: fidna og redna blir til finna og renna, kvedl blir kvell, sidl blir sill og så bortetter. Skarre-r grip om seg i heile fylket.

Som mange andre stader i landet kan ein i Hordaland snakka om regionalisering av dialektane. Ofte kjem det inn nye språkimpulsar frå byen i regionen. Ein må såleis rekna med at dialekten i Bergen påverkar delar av språksystemet i dei nærliggande dialektene. Resultatet blir at det i områda kring Bergen veks fram eit vestnorsk regionalt talemål, der ein del av dei tradisjonelle særdraga er borte. Ein ser at på Vossevangen veks det fram eit sentrumsmål under påverknad av bymålet i Bergen.

Vossamålet har fått litterær hevd i Per Sivles Vossa-stubba (1887), særleg kjend i vossingen Lars Tvinde si opplesning av Sivle-tekstar.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): «Sørvestlandsk». Trykt i Mæhlum, og Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk (side 96–98)
  • Rundhovde, Gunnvor (1976): «Målføra eller dialektane i Hordalandsbygdene og i Bergen by». Trykt i Evensberget, Snorre (red.): Bygd og by i Norge. Hordaland og Bergen by. Oslo: Gyldendal (side 394–408)
  • Sandøy, Helge (1990): «Voss, Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland». Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus (side 76–80)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg