Marius Nygaard

Faktaboks

Marius Nygaard
Født
13. september 1838, Bergen, Vestland
Død
7. februar 1912, Kristiania (no Oslo)

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Marius Nygaard
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Marius Nygaard var ein norsk skulemann og språkforskar. Han var den første etter Ivar Aasen som skreiv ei framstilling av grammatikken i landsmålet. Boka kom i 1867 og var den første læreboka i nynorsk grammatikk.

Bakgrunn

Marius Nygaard var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og døydde i Kristiania. Han vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1861, var timelærar ved katedralskulen i Bergen i 1862–1863, deretter adjunkt og overlærar ved katedralskulen i Kristiansand i 1864–1876. I 1877–1894 var han rektor ved gymnaset i Fredrikshald (no Halden) og i 1894–1910 rektor ved Drammens latin- og realskole.

Språkarbeid

I ungdomen var Nygaard med i den krinsen av målmenn i Bergen som seinare skipa Vestmannalaget i 1868. I 1867 gav han ut Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik, den første læreboka i normalisert nynorsk. Han hadde brevkontakt med Ivar Aasen, og Aasen gav òg råd i samband med arbeidet.

Som forskar arbeidde Nygaard særleg med syntaksen i norrønt, og gav mellom anna ut Eddasprogets Syntax (2 bind 1865 og 1867) og Norrøn syntax (1905). Saman med to andre rektorar, Jan Johanssen og Emil Schreiner, gav han i 1887 ut Latinsk Ordbog, som fekk tilnamnet «rektorordboka». Fleire av bøkene har kome i nye opplag eller utgåver, og er i bruk den dag i dag. Nygaard skreiv òg lærebøker i gamalnorsk. Ei av bøkene, Udvalg af den norrøne Literatur for Latin- og Realgymnasier (1875), kom i 18 utgåver og var i bruk i skulen med revidert innhald og tittel så seint som i 1970-åra.

Nygaard var medlem av Undervisningsrådet frå 1898 (formann i 1904–1908) og gjekk inn for at landsmålet skulle ha større plass i litteraturlesinga i skulen. Saman med Jonatan Aars utarbeidde han det endelege forslaget til 1907-rettskrivinga for riksmål.

Andre verv og engasjement

Nygaard var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1877 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1880.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jarle Bondevik: «Dei fyrste grammatikkane i landsmålet etter grammatikken til Ivar Aasen». Maal og Minne 1–2, 3–4. 1988
  • Halvdan Koht: «Fraa den fyrste maalstrævstida», Festskrift til William Nygaard i anledning av hans 25-aars jubileum som forlagsboghandler 1888 – 20. september – 1913. 1913
  • Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
  • Finn Nygaard: Rektor Marius Nygaard 13. september 1838–1938. Oslo 1938

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg