Olav Toreson Beito

Faktaboks

Olav Toreson Beito
Født
30. mars 1901, Øystre Slidre, Oppland
Død
28. september 1989, Oslo

Artikkelstart

Olav Toreson Beito var ein norsk professor og nynorsk språkgranskar. Han studerte dialektar og stadnamn og gav i 1970 ut den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasen.

Bakgrunn

Olav Toreson Beito var fødd i Øystre Slidre i Oppland (no Innlandet) og døydde i Oslo. Han tok examen artium på latinlina ved Voss offentlege landsgymnas i 1923, vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.

Språkvitskapen

Beito var lektor i Fredrikstad i 1936–1946 og i Oslo i 1946–1957. Samstundes arbeidde han i Norsk Ordbok i 1943–1945 og 1953–1957. Han vart dosent i nordisk, særleg nynorsk målvitskap ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–1971. Han var samtidig styrar for Norsk målførearkiv.

Beito gav mellom anna ut Norske sæternamn (1949), Nynorsk målgransking (1960) og Norske målføretekster (1963). I 1970 gav han ut Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. Det var den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik i 1864. Grammatikken er i hovudsak deskriptiv, men vert normativ ved at hovudmønsteret alltid er nynorsk normalmål og gjeldande rettskriving. Han var medredaktør for det første bandet av Norsk ordbok(1966). Under pseudonymet Ola Øyang gav han ut diktsamlinga Gammal årgang (1972).

Andre verv

Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–1972 og var i Språknemnda leiar for komiteen som fastsette norsk grammatisk terminologi. Beito vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1951. Han var òg medlem av Kungl. Humanistiska Vetenskaps-Samfundet i Uppsala og av Kungl. Gustav Adolfs Akademien.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olav T. Beito: Artiklar og taler i utval. Oslo 1979

  • Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk. Lyd og ordlære. Oslo 1986
  • Jarle Bondevik: «Olav T. Beito», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
  • Hallvard Magerøy og Kjell Venås (red.): Mål og namn. Studiar i nordisk mål- og namnegransking, festskrift (med bibliografi) til Olav T. Beito. Oslo 1972
  • Kjell Venås: «Olav T. Beito 1901–1989», Norsk Lingvistisk Tidsskrift nr. 8/1990

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg