Norsk ordbok
Arbeidet med Norsk Ordbok starta i 1930. Det første heftet kom ut i 1950, og første heile band var ferdig i 1966. Siste band kom i 2016.
Norsk ordbok
Av .
12. bind av Norsk ordbok
Det siste bandet av Norsk ordbok kom ut i 2016.
12. bind av Norsk ordbok
Av .

Norsk Ordbok er ei ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane som vart utarbeidd ved Universitetet i Oslo 1939–2016. Ordboka vart utgitt i trykt form av Det Norske Samlaget, finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo. Ordboka er i tolv band og er den første vitskaplege ordboka som dokumenterer norsk språk.

Innhald

Ordboka inneheld over 300 000 ordartiklar. Ho kjem i både trykt og digital form, men dei eldste delane av ordboka, som dekkjer bokstavane frå A til H, er enno ikkje digitalt tilgjengelege.

Historikk

Den første løyvinga til ordboka kom frå Stortinget i 1929 etter søknad frå Det norske Samlaget. Arbeidet byrja i 1930, og dei første åra gjekk med til å samle tilfang til ei ordsamling som ordboka skulle redigerast på grunnlag av, i tillegg til ordbøkene til Ivar Aasen (1813–1896) og Hans Matthias Elisæus Ross (1833–1914). Mykje av tilfanget vart sendt inn av 600 friviljuge medarbeidarar over heile landet, og allereie i 1950 inneheldt ordsamlinga 1,2 millionar ord.

I byrjinga kom ordboka ut heftevis. Første heftet kom i 1950, og i 1966 kom første bandet. I 1972 gjekk Norsk Ordbok inn i Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo.

I 2002 var berre fire band komne ut, men i 2001 vart det bestemt at tiltaket skulle organiserast som eit prosjekt under Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, med fullføring i 2014 som mål. Kristin Bakken vart tilsett som prosjektdirektør i 2002, og redaksjonen vart sterkt utvida. I 2008 vart Åse Wetås ny prosjektdirektør, og ellevte bandet vart i samsvar med planen utgitt i 2013.

Ved utgangen av 2014 var manuset til band tolv nesten fullført, men Universitetet i Oslo valde å seia opp dei fleste tilsette. Siste bandet kom difor ikkje ut før i mars 2016.

Digitalisering

Ansvaret for språksamlingane og dei tilhøyrande ordbøkene ved Universitetet i Oslo, Norsk ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka vart i 2016 overført til Universitetet i Bergen. Det vidare arbeidet med fulldigitalisering og oppdatering held fram der.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (6)

skreiv Olav Alexander Mjelde

Heisann, den korrekte stien er: http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi

skreiv Terje Svardal

Rett adresse til Norsk Ordbok er http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi

skreiv Klara Sjo

Hele Norsk Ordbok er nå tilgjengelig på norsk-ordbok.no

svarte Erik Bolstad

Vi har retta lenka. Eg ville nok laga ei omdirigering frå http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi til http://norsk-ordbok.no om eg var dykk. Eg får dessutan feilmelding og blir sendt til ei rar side når eg forsøker å opne https://norsk-ordbok.no (https i staden for http).

skreiv Klara Sjo

Omdirigeringa kjem først om ei stund, men https-problemet er sendt til utviklarane. Takk!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg