Inga Tusvik

Faktaboks

Inga Tusvik

Inga Lovise Tusvik

Født
6. juni 1914, Borgund i Ålesund, Møre og Romsdal
Død
14. mai 1992, Sula, Møre og Romsdal
©Stortingsarkivet/Scanpix.

Artikkelstart

Inga Tusvik var lektor, rektor, Venstre-politikar og tidlegare stortingsrepresentant.

Bakgrunn

Inga Lovise Tusvik var fødd i Borgund (no Ålesund) i Møre og Romsdal og døydde i Sula i Møre og Romsdal. Ho tok examen artium ved Ålesund gymnas i 1935, fullførte embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1947 og tok pedagogisk eksamen i 1949. Hovudfaget var norsk, emnet for hovudoppgåva var Berte Canutte Aarflot.

I 1948 var ho vikar ved Sortland kommunale høyskole, i 1949 ved Tromsø høyere allmennskole. Deretter var ho rektor ved Askvoll realskule i 1950–1952 og lektor ved Rogaland off. landsgymnasBryne i 1952–1969. Frå 1969 til 1981 var ho rektor ved Voss gymnas.

Politisk karriere

Tusvik var medlem av kommunestyra både i Askvoll, i Time og på Voss. Ho var vararepresentant for Venstre til Stortinget i periodane 1958–1961 og 1961–1965 og stortingsrepresentant for Venstre i 1965–1969. Ho var varaordførar i Time i 1963–1967 og leiar for Norges Venstrekvinnelag 1965–1969.

På Stortinget var ho ei av tolv kvinner, nestleiar i administrasjonskomiteen og hadde over 80 innlegg i salen dei fire åra. I interpellasjonar eller spørsmål tok ho opp tiltak for fleire kvinnearbeidsplassar i distrikta, utdanning av norske lærarar til utviklingsland og språkleg jamstilling i lærebøker for yrkesskular. Ho talte for norsk medlemskap i EF, tiltak for å fremje ei differensiert dagspresse og tok til orde for informasjon om fredsforsking i lærebøker i samfunnslære. Ved nominasjonen i Rogaland Venstre i 1969 vart ho vraka. I perioden 1975–1979 var ho medlem av Hordaland fylkesting for Det Liberale Folkepartiet.

Andre verv og engasjement

Tusvik hadde tillitsverv i kyrkjelege organ, fråhaldsrørsla og venstrekvinnelag og var leiar for Vaksenopplæringskomiteen i 1970–1972. Ho var aktiv i Milorg under andre verdskrigen 1940–1945 og var heidra med Deltakarmedaljen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger1950
  • Reidar Myhre: Den norske skoles utvikling. Idé og virkelighet. Oslo 1992
  • Nekrologar: Bergens Tidende 20. mai 1992 og Aftenposten 4. juni 1992
  • Stortingstidende 1965–69
  • Inga Tusvik: «Skyldskapen mellom Berte Canutta Årflot og dei gamle salmediktarane våre». Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1950

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg