Rogaland offentlege landsgymnas

Artikkelstart

Rogaland offentlege landsgymnas, vart skipa som privat landsgymnasBryne i Time i Rogaland i 1924, fekk eksamensrett i 1929 og vart statleg i 1947.

Bakgrunn

For å kome inn på vanleg gymnas måtte ein ha mellomskule, som stort sett fanst i byane. Bygdeungdom måtte difor reise tidleg heimanfrå, og utdanningsvegen var dyr. Opplæringa var på riksmål. Lova om landsgymnas frå 1914 gjorde det mogleg å ta 4-årig gymnas etter 7-årig folkeskule, framhaldsskule og ei opptaksprøve.

Etablering

Tanken om eit landsgymnas i Rogaland vart for alvor lansert av Jonas Line i ein artikkel i Stavanger Aftenblad 9. november 1921. Line var styrar på mellomskulen i Sand og gjorde framlegg året etter om at Rogaland Mållag skulle setje ned ei nemnd for etablering av landsgymnas.

Nemnda kontakta kjende rogalendingar og bad dei uttale seg om skuletanken. Dei fleste støtta initiativet, mellom dei var skuledirektør Hans Gjøstein, biskop Peter Hognestad, statskonsulent Jon Sæland og Arne Garborg, som i foredraget «Norske Embættsmenner» i 1906 hadde bore fram den nasjonale tanken om landsgymnas. Kommunane Høyland og Time lova fritt husvære og pengetilskot.

Rogaland landsgymnas opna som privat gymnas på Bryne i august 1924. Det var det sjuande landsgymnaset i landet. Frå før fanst det tre private gymnas, Volda (1910), Firda (1922) og Orkdal (1923). Tre landsgymnas var statlege, Voss (1916), Eidsvoll (1922) og Hornnes (1922). Den første paragrafen til skulen lydde: «Rogaland gymnas er tufta på heilnorsk grunn.»

Private skular måtte føre minst eitt elevkull fram til eksamen før dei kunne søkje om eksamensrett. Det første kullet ved gymnaset gjekk difor opp som privatistar i alle fag. Eksamen vart halden på Bryne, og elevane vart eksaminerte av sine eigne lærarar. Skulen fekk eksamensrett i 1929, og i 1947 vart landsgymnaset statleg og fekk namnet Rogaland offentlege landsgymnas. Bryne interkommunale realskule vart i 1952 statsrealskule og vart knytt til gymnaset. Drifta av gymnaset gjekk over til fylket i 1965, og namnet vart då endra til Bryne gymnas. Frå hausten 1976 vart gymnaset vidaregåande skule.

Før andre verdskrigen hadde gymnaset reallinje og latinlinje. I åra 1929–1931 var det også gresklinje. Latinlinja vart skifta ut med engelsklinje i 1946, men kom tilbake i 1960. Då fekk skulen også naturfaglinje og økonomisk linje. I åra 1970–1978 var det norrønlinje. 1975 var det siste året det vart teke opp elevar til det linjedelte gymnaset.

Elevar

Det første elevkullet gjekk ut i 1928. Det var 18 kandidatar, av dei fire kvinner. I tidlege år, 1928–1934, var 16 prosent av kandidatane kvinner. I 1956–1960 hadde dette prosenttalet vakse til det doble. Rundt 1970 var halvparten av dei uteksaminerte kvinner. Dei første 25 åra hadde skulen om lag 460 elevar. Ein tredel kom frå Time kommune, dei fleste andre frå grannekommunane. Det var få elevar frå Ryfylke og Nord-Rogaland. 24 elevar kom frå Hordaland, 17 frå Vest-Agder, 4 frå andre fylke.

Vel 140 av elevane kom frå gardar, der fedrane var bønder. Litt over hundre kom frå lærarheimar. Deretter følgde born av tenestemenn, funksjonærar og kjøpmenn. 21 hadde fedrar som var handverkarar. Etter examen artium tok tredjeparten av studentane utdanning på universitetet eller høgskular. Dei fleste andre gjekk fagskular av ymse slag.

Den sterke auken i elevtalet frå slutten av 1950-åra hang saman med endringar i samfunnet, veksande fødselskull og betre økonomisk evne på landsbygda. Men viktig var det òg at den interkommunale realskulen i 1952 vart statsrealskule, med same administrasjon og lærarar som gymnaset. På kort tid voks talet på realskuleklassar frå to til åtte. Dermed måtte også gymnaset utvidast.

Elevsamfunnet Framsyn vart skipa i 1928, men sovna etter kvart inn. Eit nytt elevsamfunn, Veritas, vart stifta i 1940 og fekk eit langt liv. Det fekk òg det kristne elevlaget som vart starta i 1929, og som frå 1945 var kjent under namnet Credo. Laga hadde handskrivne blad, «Vibå» og «Ora et labora». I 1965 kom den trykte skuleavisa Parolen.

Lærarar

Gymnaset starta med to lærarar i august 1924, Edvard Brakstad og Mikjel Haugstveit. Det vart snart fleire. I 1931 hadde skulen åtte lærarar, i 1949 var det ti. I 1965 hadde talet vakse til 34, timelærarar ikkje medrekna.

Fleire unge lærarar som var innom skulen tidleg i 1930-åra, vart seinare kjende filologar eller skulefolk. Olav Næs var tilsett i 1930–1931, Tønnes Sirevåg og Eirik Vandvik var årsvikarar i 1931–1932, Eivind Vågslid var tilsett i 1933–1934.

Ingen av lærarane og få av elevane sympatiserte med Nasjonal Samling under andre verdskrigen. I mars 1942 vart tre lærarar sende til fangeleiren i Kirkenes. Magnus Jonsbråten og Tønnes Skjæveland sat ei tid på Grini, men vart sette fri. Skjæveland vart arrestert på ny sommaren 1943, vart send til ein offisersleir i Polen og døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Edvard Brakstad: «Rogaland landsgymnas», i K. Koppang ofl. (red.): De høiere skolers historie. Oslo 1931
  • Arne Garborg: «Landsgymnas i Rogaland», Stavanger Aftenblad 25.3.1922
  • Ola Nordsletten ofl. (red.): Rogaland landsgymnas 1924–1949. Bryne 1949
  • Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007
  • Tønnes Sirevåg: Kunnskap skal glede di sjel. Attersyn på tronge tider og vegen som gjekk gjennom skolen. Oslo 1979
  • Audun Skryten ofl. (red.): Bryne vidaregåande skule 75 år. 1924–1999. Bryne 1999

  • Jakob Soma ofl. (red.): Bryne gymnas 50 år. Bryne 1974

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg