Fjaler

Faktaboks

Landareal
390 km²
Innbyggertall
2901 (2022)
Administrasjonssenter
Dale i Sunnfjord
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
fjalerbu, dalsfjording
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4646 (frå 01.01.2020, tidlegare 1429)
Høyeste fjell
Skredfjellet (812 moh.)

Kommunevåpenet til Fjaler har to sølv hvelvingsbroer mot rød bakgrunn.

Kart
Kart som viser plasseringa av Fjaler kommune.
Av /Store norske leksikon ※.
Fjaler

Fjaler. Utsikt over administrasjonssenteret Dale. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Fjaler er ein kommune i Vestland fylke. Fjaler omfattar områda på sørsida av Dalsfjordens ytre og midtre del, områda langs Flekke-/Guddalsvassdraget og Vassdalen søraust for administrasjonssenteret Dale.

I ei grenseregulering med Askvoll og Gaular kommunar i 1990 blei Askvoll sitt område sør for Dalsfjorden overført til Fjaler, og Fjaler sitt område nord for Dalsfjorden til Askvoll og eit område aust for Dale, Hestad, blei overført frå Fjaler til Gaular. Fram til 1912 heitte kommunen Ytre Holmedal.

Natur

Høgaste fjell i kommunen er Styggeheia mellom Vassdalen og Guddalen på 799 meter over havet. På sørsida av Dalsfjorden består berggrunnen av gneis, som stadvis er gjennombroten av kaledonske djupbergartar (gabbro, til dels òg serpentin). Fjella er her 600–800 meter høge med avrunda former og for det meste skogkledde lier.

Busetjing

Busetjinga er jamt fordelt langs Dalsfjorden og i Flekke/Guddalen og dessutan Vassdalen ovanfor Dale. Det er likevel klare konsentrasjonar i og omkring Dale og Flekke. Administrasjonssenter er Dale. Det er forventa svakt stigande folketal i kommunen fram til 2050.

Næringsliv

Primærnæringar sysselset tre prosent av arbeidstakarane i kommunen (2019). Jordbruket er konsentrert om husdyrbruk med hovudvekt på sauehald og mjølkeproduksjon. Fiskeoppdrett er viktig, og fleire anlegg ligg i vestre del av kommunen, mellom anna i Gjølanger på sørsida av Dalsfjorden og i Fure i ytre Dalsfjorden.

Industrien har ni prosent av dei sysselsette i kommunen (2019). Fjaler er er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 46 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fem kraftverk i kommunen, og største fallhøgd er 60 meter. Lutelandet vindpark på Korssundet fekk konsesjon i 2012 og opna i oktober 2022 med kapasitet 55 megawatt (MW).

Samferdsel

Fylkesveg 57 går gjennom Fjaler austover langs sørsida av Dalsfjorden til Sande i Gaular og sørover til Hyllestad i Ytre Sogn. Frå Flekke går fylkesveg 607 til dei ytre delane av kommunen. Dalsfjordbrua er ei veibru over Dalsfjorden som ein del av Dalsfjordsambandet på fylkesveg 609, som opna 14. desember 2013. Frå Fure lengst vest i Fjaler går ferje til Atløy, Askvoll, Værlandet og Bulandet.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Fjaler høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet HAFS regionråd saman med Askvoll, Hyllestad og Solund.

Fjaler kommune svarer til soknet Fjaler i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Fjaler til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Fjaler

For statistiske formål er Fjaler kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 14 grunnkretser: Flekke/Espedal, Hovlandsdal, Guddal/Heggheim, Øvre Vassdalen, Nedre Vassdalen, Bjerga/Bortheim/Jarstad, Dale/Sletteland, Sagevik/Yksnebjør, Fure, Folkestad, Våge, Lone, Gjølanger og Tyssedal.

Historikk og kultur

Dale kyrkje.

Dale kyrkje.

Fjaler er kjent frå historia gjennom den første utvandringa (landnåmstida) til Island i 874. Den første landnåmsmannen Ingolv Arnesson kom frå Rivedal på nordsida av Dalsfjorden (i noverande Askvoll kommune). Her er det reist eit monument til minne om han. På Tysse ligg embetsmannsgarden Lillingstonheimen, med ein vakker parkliknande kyrkjegard, Fredensborg, som vart laga til av sorenskrivar Nils Landmark.

Kommunen har to langkyrkjer i tre: Dale kyrkje, bygd i 1864 og Guddal kyrkje, bygd i 1686, påbygd 1870 og restaurert 1970. Diktaren Jakob Sande var fødd og voks opp i kommunen, og barndomsheimen hans, Klokkargarden, har ope om sommaren. I Dale står òg eit minnesmerke over Sande.

Fjaler har ein sterk skuletradisjon, frå Nikka Vonens pikeskole (1861–97) fram til United World College, som opna i 1995. I Flekke ligg Røde Kors Nordisk United World College (UWC), som er bygd i tilknyting til Røde Kors sitt opptrenings- og rehabiliteringssenter Hauglandsenteret. Skulen er eit nordisk fellesprosjekt mellom Noreg, Sverige og Danmark. Nordisk Kunstnarsenter ligg på Dalsåsen.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) har to kvelvingsbruer i sølv mot raud bakgrunn. Dette viser til «Den Trondhjemske postveg» og bruene langs han.

Namn

Kommunen heitte før 1912 Ytre Holmedal. Holmedal er eit gammalt namn på landskapet som utgjer sørvestre del av Sunnfjord (Gaular, Fjaler og Askvoll). Fjaler er fleirtal av norrønt fjǫl, 'fjel, brett', her i tydinga 'rand, kant', kanskje opphavleg knytt til det åtte kilometer lange Helleberget, som går stupbratt ned i Dalsfjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bakke, David Olsen: Fjaler i gamle dagar, 1948.
  • Fagerheim, Ragnvald: Fjaler gjennom 1000 år, 1977.
  • Fagerheim, Ragnvald og Magne Fagerheim: Fjaler : gards- og ættesoge, 1976, tre bind.
  • Losnegård, Gaute: Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet, 1999.
  • Ness, Atle: Fjaler : gards- og ættesoge, andre utgave, 2003, to bind. (videreføring av Ragnvald og Magne Fagerheims trebindsverk fra 1976).

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg