Jakob Sande

Faktaboks

Jakob Sande
Født
1. desember 1906, Fjaler, Sogn og Fjordane
Død
16. mars 1967, Oslo

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Jakob Sande
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Jakob Sande var ein norsk forfattar, poet og visesongar. Sande henta oftast stoffet sitt frå sjømannsliv eller vestlandsbygder, og dei formfaste og songbare dikta er prega av sosial indignasjon og krass satire, i tillegg til folkeleg, til tider grotesk og makaber humor.

Bakgrunn

Sande var fødd i Dale i Sunnfjord (no Sunnfjord i Vestland) og døydde i Oslo. Sande voks opp i eit samansett lokalsamfunn, med tydelege sosiale skilje. Då han voks opp var det eit radikalt politisk miljø i Dale og nabobygdene, med røter til bondevenforeiningane i 1870-åra.

Etter artium på Firda gymnas i 1926 studerte han filologi ved Universitetet i Oslo og var ferdig cand.philol. i 1931. Hovudoppgåva skreiv han om Johan Sebastian Welhaven. Etter pedagogisk seminar våren 1932 reiste han til sjøs eit års tid, og erfaringane frå denne reisa sette djupe spor i dikta hans. Han vart tilsett som lektor ved Fredrikstad høgre allmennskole frå 1935 og frå 1946 til 1965 var han tilsett ved Ullern skole i Oslo.

Forfattarskapen

I foreningen «Visens venner» i Oslo fann han folk som delte interessa for visekunst, og Sande vart sjølv eit av dei sentrale namna i norsk songlyrikk frå 1950-åra og utetter. Han debuterte med diktsamlinga Svarte næter i 1929 og fekk svært gode meldingar. Forfattaren vart sett på som ein frisk fornyar av nynorsk lyrikk. I løpet av dei ti første åra som forfattar vart Sande etablert med ein tydeleg litterær profil: Han var ein sosialt engasjert forfattar på den radikale sida, ein samansett og mangfaldig lyrikar, med dikt som kunne veksle frå det groteske til vare stemningar.

Etter krigen endrar dette biletet seg gjennom populære radioprogram og platesuksessar. Etter dette vart han helst oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar. Samtidig slo modernismen igjennom i Noreg, med rimfrie dikt og litterære eksperiment. Men Sande vart ståande i tradisjonen, og heldt fram med å skrive dikt med klangrike rim og faste rytmar. Samtidig som han opplevde ein popularitet som har vorte få andre norske forfattarar til del, vart han gradvis marginalisert i det litterære akademia. Sjølv likte han lite den rolla han etter kvart fekk, og meinte at det meste av det han hadde skrive, var alvorlege tekstar.

Litteraturen til Sande vart prega av impulsar frå bonderadikalismen i 1870-åra og radikale ideal i arbeidarrørsla, kopla saman med personleg opplevde innsikter i sosial urettferd. Resultatet vart ein livslang solidaritet med dei svake, med dei som fell utanfor i samfunnet. Det var desse som vart hovudpersonane i diktinga hans, både i dikta og i novellene.

Litterært vart Sande prega av den folkelege forteljekunsten som han opplevde både i heimen og i møte med mange store munnlege forteljarar i lokalmiljøet. Ein særs viktig impuls kom frå nokre fastbuande tatarar, i dag også kalla romani, i Dale. Røtene i folkeleg forteljekunst ser vi i både i stoffval og forteljemåtar, men også i det som vert kalla karnevalisme: ein antiautoritær, folkeleg motkultur der parodi, overdrivingar og feiring av det kroppslege står sentralt.

Sande var også i alle år oppteken av dei eksistensielle grunnvilkåra menneska lever under. Gjennom heile forfattarskapen heldt Sande fast på nokre hovudtema. Medkjensla med dei som fell utanfor og dei utstøytte er ein hovudtråd hos forfattaren. I dikt etter dikt krinsar han om kjensla av å vere utstøytt, einsam og åleine, men òg om moglege vegar ut av einsemda. Dette djupe alvoret er ofte skjult bak barsk humor, ironi og punkteringar. Sand kom òg med skarp kritikk av maktmenneske av alle slag, og han kritiserte særleg religiøse maktmenn. Stundom var det han skreiv reint revolusjonær.

Sande gav ut tre novellesamlingar, med i alt 26 noveller. Ti av novellene har barn i sentrum, og her står Sande tydeleg i tradisjonen etter Per Sivle og Rasmus Løland. Også i novellene er Sande tradisjonell i forma. Forteljingane er realistiske og stort sett kronologisk fortalde, med ein allvitande forteljar med godt oversyn over personar og handling. Språkleg er novellene prega av munnlege forteljetradisjonar og folkelege seiemåtar.

Ettermæle

Hundreårsmarkeringa i 2006 viste at Jakob Sande framleis har ei sterkt stilling i det offentlege rommet i Noreg. Hans Dikt i samling vert årleg selt i om lag 1000 eksemplar – eit salstal som er mykje høgre enn det mange yngre lyrikarar får oppleve.

Utmerkingar

Sande fekk Gyldendals legat i 1952, Doblougprisen i 1966 og Diktartavla posthumt i 2005.

Utgjevingar

  • Svarte næter (1929)
  • Storm frå vest, dikt (1931)
  • Frå Sunnfjord til Rio, dikt (1933)
  • Straumar i djupet, novellar (1935)
  • Villskog, dikt (1936)
  • Eit Herrens vèr novellar (1943)
  • Guten og grenda, dikt (1945)
  • Skarlagensnora, novellar (1946)
  • Korn og klunger, dikt (1950)
  • Sirius, dikt (1955)
  • Dikt i samling (1956)
  • Det kveldar på Kobbeskjær, dikt (1961)
  • Noveller i samling (1964).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eide, Ove: Jakob Sande : liv, dikting, 2006
  • Jakob Sande-selskapet sine årbøker, 1992-
  • Sørebø, Herbjørn: Ein storm frå vest: Jakob Sande – veit eg, 2000

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg