Bulandet er ei øygruppe i Askvoll kommune i Vestland fylke. Bulandet omfattar 300 låge øyar, holmar og skjer, sørvest for Florø og sju kilometer vest for Askvoll. Øygruppa har 232 innbyggjarar (2023). Berggrunnen består av devonsk sandstein som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt búðir ‘buer’, her i tydinga ‘rorbu

Bulandet er Noregs vestlegaste fiskevær med fiskepakkeri, fryseri og kjøleanlegg. Det er ferjesamband frå Bulandet og Værlandet til Askvoll og Fure på fastlandet. Det er hurtigbåtsamband med Askvoll og omliggjande øyar. Området har turisttrafikk spesielt på sommaren.

Under andre verdskrigen vart Bulandet brukt som hamn for seglingar mellom Noreg, Shetland og Skottland. Busetnaden på øyane vart herja av ein tysk straffeekspedisjon våren 1942, då fleire motstandsfolk vart arresterte og hamna i tyske konsentrasjonsleirar.

Kart

Bulandet
Bulandet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg