Gunnhild Øyehaug

Faktaboks

Gunnhild Øyehaug
Født
9. januar 1975, Volda, Møre og Romsdal
Gunnhild Øyehaug
Av /Kolon Forlag.

Artikkelstart

Gunnhild Øyehaug er forfattar, litteraturkritikar, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og aktør i det offentlege rom.

Bakgrunn

Gunnhild Øyehaug er fødd i Volda i Møre og Romsdal og voks opp i Ørsta i Møre og Romsdal. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen (2002), med hovudfag i litteraturvitskap. Øyehaug arbeider som skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Litteraturvitskapen og litteraturkritikken

Øyehaug skreiv hovudoppgåve om den franske lyrikaren Arthur Rimbaud og diktsamlinga hans En årstid i helvete. Det finst akademiske element i tekstane hennar, og teori og skrivepraksis vitnar om påverknad frå det franske, ikkje berre Rimbaud. Øyehaug vil vise at litteraturteori ikkje er så fjernt frå livet, og ho sjonglerer med teorien ved å skrive litteratur sjølv, der ho tøyer grensene for det moglege. Ho held føredrag, skriv artiklar om litteratur og er representert i ulike antologiar.

Øyehaug har vore litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen, og ho har vore forlagskonsulent. Øyehaug redigerte òg tidsskriftet Kraftsentrum saman med Olaug Nilssen (2005-2009). Det hadde ein skarp språkpolitisk og kvinnepolitisk profil. I opningsnummeret var temaet DRIT, noko som var med på å kjenneteikne det litteraturpolitiske programmet deira.

Forfattarskapen

Øyehaug debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. I 2004 kom novellesamlinga Knutar og i 2006 Stol og ekstase, som inneheld både essay og noveller. Vente, blinke (2008) var den første romanen hennar. Øyehaug har ein særeigen stil, språket er medvite, utan klisjear, og med humor og eleganse leikar ho med lesaren, språket og personane sine. Ho tøyer grensene for det moglege og realistiske med leikande stil og detaljskildringar. Øyehaug skriv om forhold mellom menneske, om einsemd, makt og avmakt.

Lyrikk, noveller og essays

Øyehaug skriv med eit ønske om ei djupare forståing av dei emna ho tek opp. Debuten Slaven av blåbæret (1998) er ei diktsamling med eit humoristisk og absurd blikk på tilværet.

Novellesamlinga Knutar (2004) inneheld 22 korte noveller. Ei av dei absurde historiene er om guten som blir fødd med ein navlestreng som er så sterk at det ikkje er mogleg å klippe han av. Kjærleikshistoriene har ein sentral plass i samlinga, og dei fortel om familiære, mentale og seksuelle band. Forteljingane balanserer mellom det sanselege og det surrealistiske, med detaljskildringar, ein leikande og bevisst stil og snedig forteljarposisjon. Boka fekk Bergensprisen i 2004 av Natt&Dag for beste bok og blei nominert til Brageprisen. Ei av novellene, «Liten knute», er òg filmatisert.

Stol og ekstase (2006) er ei samling av essay og noveller. Samlingar handlar om tilhøvet mellom det verkelege og det uverkelege. Ho reflekterer kring det fantastiske, det ironiske og det sanne i litteraturen gjennom lesing av forfattarar som Virginia Woolf og Arthur Rimbaud. Øyehaug likar å bryte med realismen og har sans for science fiction-element i tekstane sine. Ho er oppteken av einsame personar, maktesløyse, forknytte tilstandar og det å ikkje greie å kommunisere med omverda. Ho kan gjerne skrive satirisk, men ho prøver å forstå personane, ikkje gjere narr av dei. Øyehaug sympatiserer med karakterane sine, som ho skildrar med varme og humor, medan ho utleverer dei inste tankane deira.

Romanar

Romanen Vente, blinke (2008) har undertittelen «Eit perfekt bilete av eit personleg indre». Romanen er idérik, annleis og morosam, både når det gjeld innhald og språk, og vekslar mellom ulike historier, fortalde av ein allvitande forteljar. Boka leikar med lesaren og er full av litteraturreferansar og popkulturelle referansar, og er ein miks av det saklege og det humoristiske. Øyehaug reflekterer over karakterane sine håp, ønske og draumar utan å gi ein psykologisk analyse av dei. Romanen er empatisk og varm, og lesaren håper at det skal gå bra med hovudpersonen, litteraturstudenten Sigrid. Vente, blinke handlar om kjærleik, draumar, drifter, kjønn og det å våge og vere seg sjølv.

Romanen blei nominert til Brageprisen, blei sterkt rost av kritikarane og hadde uvanleg høge salstal. Vente, blinke er også utgangspunkt for filmen Kvinner i for store herreskjorter (2015), der Øyehaug skreiv manus i samarbeid med Yngvild Sve Flikke.

I 2014 kom oppfølgjaren Undis Brekke, der hovudpersonen frå Vente blinke vender tilbake til heimbygda etter både boksuksess og samlivsbrot, og med ei stranda doktorgradsavhandling i bagasjen. I romanen Presens maskin (2018) skriv Øyehaug om ei mor og dotter som vert skilde frå kvarandre idet verda deler seg i to parallelle univers.

Gjendikting

Øyehaug har gjendikta den svenske lyrikaren Sonja Åkesson i 11 dikt om einsemd (2009) og den franske poeten Christophe Tarkos i Kasser (2011), den siste saman med Cathrine Strøm. Saman med Pedro Carmona-Alvarez har ho òg gjendikta P.J. Harvey og Seamus Murphy i Den opne handa (2015).

Utmerkingar

Gunnhild Øyehaug mottok Bjørnsonstipendiet i 2006 og Tanums kvinnestipend i 2007. I 2009 fekk Øyehaug Nynorsk litteraturpris for romanen Vente, blinke. Romanen er omsett til tysk, svensk og dansk. Ho fekk òg Sultprisen (2009) og Doblougprisen (2009). I 2007 representerte ho Noreg i «Scritture Giovani», eit europeisk litteraturprosjekt der unge, talentfulle forfattarar er med. I 2010 fekk ho Prins Eugens Kulturpris. Gunnhild Øyehaug var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2015.

Bibliografi

  • Vonde blomar (Noveller, Kolon, 2020)
  • Presens maskin (Roman, Kolon, 2018)
  • Miniatyrlesingar (Essays, Kolon, 2017)
  • Draumeskrivar (Noveller, Kolon, 2016)
  • Undis Brekke (Roman, Kolon, 2014)
  • 11 dikt om einsemd (Gjendiktning, Flamme, 2009)
  • Vente, blinke (Roman, Kolon, 2008)
  • Rosa prosa (Medforfatter) (Noveller, Gyldendal, 2006)
  • Stol og ekstase (Noveller, Cappelen, 2006)
  • Kjærlighetshistorier (medforfatter) (Stenersen, 2005)
  • Knutar (Noveller, Cappelen, 2004)
  • Jenter, jenter, jenter (medforfatter) (Gyldendal Tiden, 2001)
  • Slaven av blåbæret (Lyrikk, Samlaget, 1998)
  • Øretrøst blues (Medforfatter) (Noveller, Gyldendal, 1995)
  • Saftbobler (Medforfatter) (Noveller, Gyldendal, 1994)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Furuseth, Sissel: "Posteoretisk lek : Om Gunnhild Øyhaugs poetikk".

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg