Ruth Lillegraven er ein norsk forfattar og taleskrivar i samferdselsdepartementet. Ho fekk Brageprisen for klassen skjønnlitteratur i 2013 for diktsamlinga Urd.

Lillegraven debuterte i 2005 med Store stygge dikt. Forfattarkollega og forleggar Nils Øivind Haagensen skal ha vore til inspirasjon i arbeidet hennar med dei forteljande prosadikta i debutsamlinga. Andreboka hennar kom seks år seinare. Romanen Mellom oss er ei episk slektshistorie. Det same året gav Lillegraven ut ei biletbok for barn. Sidan har ho gitt ut ei diktsamling kvart år, og fekk mykje merksemd for Manilahallen. Diktsamlinga har ei verkeleg historie til grunn. Den er basert på livet til den første norske kvinna som sto ope fram med anoreksi

  • Manilahallen (Dikt, Tiden, 2014)
  • Urd (Dikt, Tiden, 2013)
  • Mari og Magnus og smokketjuven – bildebok, illustrert av Inger Landsem (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • Mari og Magnus flyttar inn - bildebok, illustrert av Inger Landsem (Barnebok, Samlaget, 2011)
  • Mellom oss  (Roman, Tiden, 2011)
  • Store stygge dikt (Dikt, Tiden, 2005)
  • Bokbloggernes åpen klasse-pris 2014 for Urd 
  • Brageprisen 2013 for Urd
  • Sokneprest Alfred Andersson-Rysst Fond 2012
  • Nynorsk litteraturpris 2016

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.