Aina Basso

Faktaboks

Aina Basso
Født
14. mai 1979, Giske, Møre og Romsdal
Aina Basso
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Aina Basso er ein norsk historikar og forfattar. Basso skriv historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, med handling frå 1600-, 1700- og 1800-talet.

Bakgrunn

Aina Basso er fødd på Giske i Møre og Romsdal. Basso har kvensk bakgrunn på farssida. Ho er utdanna cand.mag. med historie og arkeologi ved NTNU i 2003, og ho tok mastergrad i historie ved NTNU i 2005 med ei oppgåve om blodskam på 1700-talet. Basso arbeidde som arkivkonsulent i Stiftelsen Asta i 2005–2006 og var spesialkonsulent i Oslo byarkiv i 2006–2009. Ho har vore frilansar sidan 2009 og har stadig oppdrag for Oslo byarkiv.

Forfattarskapen

Basso skriv med eit lyrisk, originalt og presist språk. Ho får sagt mykje gjennom ei stilsikker og ordknapp form. Bøkene hennar er skrive med bakgrunn i kjelder frå faktiske forhold, der ho dreg nytte av utdanninga si som historikar og tidlegare arbeid med arkiv og historiske kjelder.

Basso debuterte med ungdomsromanen Ingen må vite (2008), som var basert på masteroppgåva hennar. Handlinga er lagt til året 1734, og hovudpersonen Ingeborg blir forelska. Men temaet i romanen er òg seksuelle overgrep. I romanen Fange 59. Taterpige (2010) hamnar taterjenta Marie på tukthus i Trondheim då ho kjem bort frå familien sin. Utgangspunktet for forteljinga er ein historisk person. I Finne ly (2014) er handlinga lagt til midten av 1850-talet og handlar om romanifolket, om fordommar og framandfrykt.

Ungdomsromanen Inn i elden kom i 2012. Denne boka handlar om hekseprosessane i Finnmark i 1620-åra, med dei unge kvinnene Elen og Dorothe i to parallelle historier. I 2016 kom hennar første sakprosabok for barn og unge, Heksejakt og heksebrenning i Europa, der Basso presenterer temaet i romanen Inn i elden i faktabokformat.

I romanen Ungen (2019) skriv Basso om levekåra og skjebnane til uønskte barn fødde i Kristiania i overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Då hovudpersonen Anna mistar jobben sin tek ho og Pauline til seg slike uønskte barn mot betaling, motiverte av å sjølve kunne overleve på denne inntekta. Historia er basert på faktiske personar og rettssaker frå same periode.

Verv og anna engasjement

Basso var redaksjonsmedlem i Allkunne (2009–2012) og har hatt sin eigen blogg sidan 2005, der ho har skrive om litteratur og om livet som forfattar. Ho har vore spaltist i Nationen frå 2009 og i Sunnmørsposten 2009–2012

Utmerkingar

Basso fekk Giske mållags målpris i 2008 og Alfred Andersson-Ryssts pris i 2014. I 2013 var Basso nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Inn i elden. For den same boka blei ho nominert til Brageprisen og Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturpris. I 2019 blei Inn i elden (2012) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Basso er festspeldiktar for Festspela i 2022.

Bibliografi

  • Ungen (Roman, Samlaget, 2019)
  • Heksejakt og heksebrenning i Europa (Samlaget, 2016)
  • Finne ly (Roman, Samlaget, 2014)
  • Inn i elden (Ungdomsbok, Samlaget, 2012)
  • Fange 59. Taterpige (Roman, Samlaget, 2010)
  • Ingen må vite (Ungdomsbok, Samlaget, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg