Agnes Ravatn

Faktaboks

Agnes Ravatn
født:
1983, Ølen, Rogaland
© Det norske Samlaget
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Agnes Ravatn er ein norsk forfattar frå Ølen i Rogaland. Ho har markert seg som ei av dei mest skarpe og satiriske unge forfattarrøystene, og vann i 2014 P2-lytternes romanpris for Fugletribunalet (Samlaget, 2013).

Biografi

Agnes Ravatn studerte musikk ved Universitetet i Bergen før ho byrja å skrive for alvor, og tok, i 2004–2005, Årskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Sidan då har ho skrive skjønnlitteratur og drive med journalistikk, og har fått merksemd for sin særeigne gonzo på nynorsk i reportasjeseriar for Dag og Tid.

Forfattarskap

Avisa Natt & Dag gav Ravatn Bergensprisen i 2007 for beste bok, for debutromanen Veke 53. I 2008 fekk ho Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fonds litteraturpris av Samlaget og litteraturstipend frå Rogaland fylkeskommune. Samstundes laga ho den nynorskkultur-kommenterande fanzina Ikke til hjemlån, ein serie blad som ho og tre kollegaer kopierte opp i kjellaren på Bergen Offentlige Bibliotek. Fanzinaen kom i bokform på Samlaget i 2008.

Året etter kom ei anna samlebok av Ravatns tekstar: Stillstand: Sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Denne var den første samlinga hennar av reportasjar frå Dag og Tid. I 2011 kom Folkelesnad, også den ei essaysamling av tidlegare utgitt materiale. For denne vart Ravatn nominert til Brageprisen. Ho vann P2-lytternes romanpris for sin andre roman, Fugletribunalet. I 2014 kom Agnes Ravatn med boka Operasjon sjølvdisiplin: Sjølvhjelpsbok for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker. Også denne byggjer på ein artikkelserie ho hadde i Dag og Tid.

Prisar

  • Bergensprisen 2007 for beste bok, for Veke 53.
  • Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fonds litteraturpris 2008.
  • Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend 2008.
  • Norsk språkpris 2011 (for nynorsk)
  • Arne Hestenes' journalistpris 2013
  • P2-lytternes romanpris 2013 for Fugletribunalet
  • Ungdommens kritikarpris 2013/2014 for Fugletribunalet

Bibliografi

  • Operasjon sjølvdisiplin (Sjølvhjelpsbok, Samlaget, 2014)
  • Fugletribunalet, (Roman, Samlaget, 2013)
  • Folkelesnad (Sakprosa, Samlaget, 2011)
  • Stillstand: sivilisasjonskritikk på lågt nivå (Sakprosa, Samlaget, 2009)
  • Ikke til hjemlån (Sakprosa, Samlaget, 2008)
  • Veke 53 (Roman, Samlaget, 2007)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg