Faktaboks

Lars Petter Sveen
Fødd
30. oktober 1981, Fræna (no Hustadvika), Møre og Romsdal
Lars Petter Sveen. Foto: Julia Marie Naglestad. Gjort tilgjengelig av Aschehoug.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lars Petter Sveen er bibliotekar og forfattar. Han var ein av festspeldiktarane under Dei nynorske festspela i 2013 og vart i 2015 kåra til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival.

Bakgrunn

Lars Petter Sveen er fødd i Fræna (no Hustadvik) i Møre og Romsdal. Han har bachelorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2006–2007 og tok bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo (no Høgskolen i Oslo og Akershus) i 2008–2010. I 2011 arbeidde han ved Deichman bibliotek i Oslo, og han har vore tilsett i Foreningen !les sidan 2011.

Forfattarskapen

Sveen debuterte i 2008 med novellesamlinga Køyre frå Fræna. Her skriv han ordknapt og realistisk, med innslag av surrealisme, i dei 12 novellene. Handlinga er lagd til Fræna, og det er unge menn som er hovudpersonar. Alle har problem med omgivnadene og hamnar i utfordrande situasjonar. Forfattaren lèt mennene avsløre meir for lesaren enn dei sjølve er klar over. Fleire av novellene har òg politiske perspektiv.

I 2011 kom romanen Eg kjem tilbake. Hovudpersonen Lied er bokhandlar og leitar etter sanninga om far sin. Historia er lagd til framtida, i eit samfunn der strukturane er brotne ned. Romanen er drivande, full av spenning og action. Språket er effektivt og intenst, og Sveen bruker stemningsskapande poetiske bilete.

I 2014 gav Sveen ut romanen Guds barn. Guds barn har Bibelen som førelegg, og personar frå Bibelen som karakterer. Romanen startar i BetlehemJesus vart fødd, og er ei historie om kjærleik, vennskap, tru og håp. Guds barn er seld til mellom anna USA.

Utmerkingar

I 2008 fekk Sveen både Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutromanen Køyre frå Fræna. Sveen var ein av tre festspeldiktarar under Dei nynorske festspela i 2013. For romanen Guds barn fekk Sveen Nynorsk litteraturpris 2014. I 2015 vart Sveen kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år. Same året vart han tildelt Jan Roar Leikvolls minnepris og Sultprisen.

Bibliografi

  • Kunsten å stamme - uten at noen merker det (Sakprosa, Aschehoug, 2022)
  • Nordriket (Roman, Aschehoug, 2020)
  • Fem skuggar. Bok II (Roman, Aschehoug, 2018)
  • Fem stjerner. Bok I (Roman, Aschehoug, 2017)
  • Guds barn (Roman, Aschehoug, 2014)
  • Eg kjem tilbake (Roman, Aschehoug, 2011)
  • Køyre frå Fræna (Noveller, Aschehoug, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg