Sigrid Terese Moldestad

Faktaboks

Sigrid Terese Moldestad
Født
19. juli 1972, Breim i Gloppen, Vestland
Sigrid Terese Moldestad er folkemusikar og felespelar. Musikken til Moldestad er djupt rotfesta i vestnorsk folkemusikktradisjon. Samtidig har ho utvikla eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar spelar ei viktig rolle.
Av /sigridmoldestad.com.

Artikkelstart

Sigrid Terese Moldestad er folkemusikar og felespelar.

Bakgrunn

Moldestad er fødd i Breim i Gloppen. Ho tok utdanning ved Ole Bull AkademietVoss 1996–1998. Ei tid var ho journalist og arbeidde som programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane og NRK P2 1993–1999. Seinare har ho vore frilans musikar og felespelar.

Musikken

Musikken til Moldestad er djupt rotfesta i vestnorsk folkemusikktradisjon. Samtidig har ho utvikla eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar spelar ei viktig rolle.

Moldestad har har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar, og har spela og sunge saman med blant andre Merit Hemmingson, Kandals orkester, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. I 2000 starta ho folkemusikkgruppa Fjøgl saman med Liv Merete Kroken og Unni Løvlid. Året etter heldt Moldestad og Kroken fram i duoen Spindel som har gitt ut album med same namn, og som også spelar saman med Olav Tveitane, Dagfinn Andersen og Ivar Kolve i Spindel band. Moldestad er òg med i Karl Seglem Band.

Saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes vann ho Spellemannprisen 2005 for albumet Gamaltnymalt. I 2007 fekk ho Spellemannprisen i kategorien folkemusikk for albumet Taus, som er basert på musikken til kvinnelege felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre.

Sigrid Terese Moldestad gav i 2014 ut plata Brevet til kjærleiken der ho har tonesett tekstar av Jan-Magnus Bruheim i høve 100-årsjubileet hans. Ho har gitt ut fleire album både som soloartist og i samarbeid med andre artistar.

Andre prosjekt

Moldestad er òg skodespelar, og har mellom anna vore med oppsettinga Tonje GlimmerdalDen Nationale Scene i 2016. I 2019 var ho programleiar i Norge Rundt julespesialNRK.

Moldestad er engasjert i å ta vare på musikktradisjonane, både gjennom eigen musikk og anna arbeid. På heimstaden Breim har ho arbeidd for å ta vare på spelemannshuset Pederhuset, der spelemannen Peder Råd budde. Dokumentaren Sigrid reddar folkemusikken – litt (2018) på NRK følgjer prosessen med å ivareta huset.

Prisar

  • Spellemannsprisen 2005
  • Spellemannsprisen 2007
  • Folkelarmprisen (Årets folkemusiker) 2010
  • Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane 2010
  • Vossajazzprisen 2012
  • Hilmarprisen 2012
  • Rolf Gamleng Minnepris 2014
  • Medaasprisen 2016

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg