Lars Amund Vaage

Faktaboks

Lars Amund Vaage
Født
13. mai 1952, Sunde i Kvinnherad, Vestland
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Lars Amund Vaage er ein norsk forfattar som skriv stilreine, utprøvande og velkomponerte romanar, lyrikk og barnebøker.

Bakgrunn

Vaage er fødd på Sunde i Kvinnherad i Hordaland (no Vestland). Han har bak seg ei avbroten pianistutdanning, noko som syner att i litteraturen, både tematisk og stilistisk. Han har vore formann i Norsk Forfattersentrum.

Forfattarskapen

Lars Amund Vaage debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse kald vinter, ei bok som kritikken plasserte innanfor sosialrealistisk litteratur. Vaage har etter kvart skrive bøker med utgangspunkt i både samfunnsøkonomiske, strukturelle og individuelle omskifte og brytingstider. Noreg mellom rural tradisjon og urbankultur er bakteppet i mykje av den tidlege litteraturen hans, men det er først og fremst opplevingane til hovudpersonane som kjem i framgrunnen.

Vaage har elles skrive fleire barnebøker, eit skodespel og to diktsamlingar, men det er først og fremst som prosaforfattar for vaksne han har fått merksemd, med tekstar som søkjer innover mot det personlege og ekte.

Skrivestil og tema

Den musikalske bakgrunnen har synt meir og meir att i bøkene til Lars Amund Vaage med tida. Språket er reint og rytmisk, vakkert og plastisk, og alltid effektivt. Også tematisk har musikken fått større plass i bøkene etter kvart, og med romanar som Rubato i 1995 og Tangentane i 2005 har han synt korleis møtet mellom skriftspråk og musikk kan utvikle stor og vesentleg litteratur, både ved freistnaden på å setje ord på dei opplevingar musikken kan gi, og i drøftingar om kunst og personlegdom.

Vaage skildrar det å vere riven mellom ulike, dragande krefter, og aldri vere viss på om ein valde det rette med stor presisjon, men også med humor. Gjennom handlingane kjem dei som regel litt forsagte hovudpersonane hjå Vaage tydeleg til syne, komiske og tragiske, men først og fremst evig menneskelege. Såleis er det ein inderleg lengt etter å stige ut or namn og bilete og stå fram som den ein eigentleg er i bøkene til Vaage.

I novellesamlinga Kyr frå 1983 syner han ei uvanleg evne til å skrive seg tett inn mot individet og samstundes gjere alt som skjer i teksten, ikkje berre truverdig, men også viktig for lesaren. Dette får han til ved hjelp av eit naturleg og ærleg språk som gjer det spesielle representativt for det generelle. Boka fekk oppglødde kritikkar og sikra Vaage kollegial merksemd og vørdnad, men dei lesande massane fekk ikkje augo opp for denne uvanleg velkomponerte og gjennomtenkte boka.

I romanen Dra meg opp frå 1985 opnar Vaage meir opp for det komiske, sjølv om det aldri står utan ein komplementær undertekst av tragedie og alvor. Romanen kan lesast både reint realistisk og som ein allegori over det å stå fast i noko, til dømes å gå seg ned i tradisjonen og bli verande der, men samstundes halde liv i ønsket om å få hjelp til å kome opp til si eiga tid og tilbake til verda.

I romanen Rubato (1995) er hovudpersonen ein mann som avbryt musikkstudiet og vert anleggsarbeidar og lastebilsjåfør, men som ti år seinare, i samband med ei gravferd i familien, gjer ei reise attende til fortida, i retning av kunsten, musikken og alt det han gav opp. I Tangentane handlar det om ein sokneprest som midt i livet vurderer å gå ifrå prestekallet og prøve å slå seg fram som konsertpianist.

Utmerkingar

I tillegg til utmerkingane i lista nedanfor har Vaage vore festspilldikter under Festspillene i Bergen i 2001 og festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela i 2008.

Bibliografi

  • Det uferdige huset (Roman, Oktober, 2020)
  • Den vesle pianisten (Noveller, Oktober, 2017)
  • Sorg og song (Essays, Oktober, 2016)
  • Syngja (Roman, Oktober, 2012)
  • Den stumme (Lyrikk, Oktober, 2011)
  • Skuggen og dronninga (Roman, Oktober, 2010)
  • Joy Harjo: Å koma tilbake frå fienden (Gjendiktning, Cappelen, 2006)
  • Utanfor institusjonen (Lyrikk, Oktober, 2006)
  • Tangentane (Roman, Oktober, 2005)
  • Nord sentralt (Lorine Niedecker) (Gjendiktning, Oktober, 2003)
  • Kunsten å gå (Roman, Oktober, 2002)
  • Det andre rommet (Noveller, Oktober, 2001)
  • Guten og den vesle mannen (Barnebok, Samlaget, 2000)
  • Den framande byen: Ein roman om Wilhelm Reich (Roman, Oktober, 1999)
  • Rubato (Roman, Oktober, 1995)
  • Oklahoma (Roman, Samlaget, 1992)
  • Guten med den mjuke magen (Barnebok, Samlaget, 1990)
  • Begynnelsen (Roman, Oktober, 1989)
  • Baronen (Dramatikk, Oktober, 1987)
  • Dra meg opp! (Roman, Oktober, 1985)
  • Kyr (Noveller, Oktober, 1983)
  • Fager Kveldsol Smiler (Roman, Oktober, 1982)
  • Øvelse Kald Vinter (Roman, Oktober, 1979)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Per Thomas: "Konsert for klaver og lastebil : Om Lars Amund Vaages Rubato.". Tankevaser : om norsk 1990-tallslitteratur, 2003, 165-93
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg