Askøyværingen

Jostein Ravnøy var bare 26 år gammel da han i 1978 var med på å starte lokalavisen «Askøyværingen». Etter framhaldsskolen begynte han som journalistlærling, gikk på Ringsaker folkehøyskole og ble sportsjournalist i Arbeiderbladet i 1972. Senere ble han journalist i Akershus Arbeiderblad/Romerikes Blad på Lillestrøm og var der helt til han dro tilbake til hjembygda Askøy for å sette i gang den nye lokalavisen. Sin politiske bakgrunn hadde han i AUF.
Jostein Ravnøy
Askøyværingen.

Artikkelstart

Askøyværingen er ei politisk uavhengig lokalavis for Askøy kommune, men som kjem ut på Straume i Øygarden. Bladet kjem ut på papir ein gong i veka. Avisa vart grunnlagt i 1978. Askøyværingen er ein del av Schibsted-konsernet. Avisa har felles kontor og redaktør med bladet Vestnytt.

Historie

Askøyværingen vart starta av journalisten Jostein Ravnøy som også var den første redaktøren. Askøyværingen var moderne både med omsyn til journalistikk, biletbruk, stoffval og moderne avisteknikk og layout. Avisa hadde også bokmål som hovudspråk.

Askøy-samfunnet var i 1970-åra i endring frå eit typisk bygdesamfunn til eit samfunn som mellom anna blei prega av nye verksemder, innflyttarar frå Bergen og betre ferjekommunikasjon med byen. Då Askøybrua kom i 1992, gjekk kommunen inn i ein demografisk vekstperiode, og dette fekk positiv verknad for avisopplaget.

Konkurranse og eigarskifte

Då avisa vart starta, hadde Askøy allereie ei lokalavis, Askøy Tidend, som kom ut frå 1946. Denne kom vanlegvis ut berre annakvar veke. Planen var å slå Askøy Tidend saman med Askøyværingen i 1984, men Askøy Tidend gjekk konkurs før samanslåinga vart gjennomført. Askøyværingen sin posisjon som lokalavis vart òg utfordra hausten 1986, då misnøye med Askøyværingen sin moderne og liberale profil førte til at avisa «Lokalen» kom til. Den varte i to prøvenummer.

I slutten av 1980-åra overtok avishuset Bergens Tidende som hovudeigar, gjennom AS Lokalavisene. Det galdt også fleire lokalaviser i distriktet. Frå 2004 har Schibsted vore hovudeigar, etter eit oppkjøpsraid av lokal- og fagaviser i Hordaland, og Askøyværingen vart i 2018 ein integrert del av Schibsted.

Utmerkingar

Avisa har fått fleire prisar. I Landslaget for lokalaviser si kåring i 2016 fekk ho prisen for Årets lokalavisfoto og prisen for Årets digitale satsing, det siste for valdekninga i 2015. Initiativtakar og innovatør var Askøyværingen, men Bergens Tidende og tre lokalaviser i distriktet var med i prosjektet. I 2016 fekk Askøyværingen prisen for Årets framside av Mediebedriftenes Landsforening, for framsida 23. april 2015, og i 2017 fekk avisa tildelt Sølvparaplyen 2016 av Bergen journalistlag for Årets lokale sak.

Opplag

År Opplag
1987 4239
1993 4424
1998 4779
2008 5311
2015 3638
2020 5116
2021 5118

Opplagstalet til Askøyværingen i 2015 var 3638 for papiravisa og 3337 for sal av digitale abonnement og utgåver. Totale lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2015 var 13 000 (Mediebedriftenes Landsforening). Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • «Askøyværingen», Hordaland Bladeigarlag 75 år. 1927–2002. Stord 2002
  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4: Norske aviser fra A til Å. Oslo 2010

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg