Ingemund Fænn

Faktaboks

Ingemund Fænn
Født
18. september 1907, Stryn
Død
19. juni 1987, Bergen

Ingemund Fænn var ein norsk avisredaktør og politikar frå Venstre. Frå 1956 til 1977 var han sjefredaktør i Bergens Tidende. Han arbeidde først som redaktør i Fjordingen frå 1928 til 1936, deretter i Bergens Tidende frå 1936 til han vart pensjonist i 1977. Fænn var redaktør i Oslo-kontoret til Bergens Tidende frå 1946 til 1956.

Ingemund Fænn var mellom anna leiar i Stortingets Presselosje, Norges Venstrepresselag og Venstrepressens Andelslag, styreleiar i Norsk Telegrambyrå og nestleiar i Norsk Redaktørforening. Han var i flere periodar medlem av Bergen bystyre og formannskap og sat i styret for Haukeland Universitetssykehus.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg