Øyvind Torvund

Faktaboks

Øyvind Torvund
Født
23. juli 1976, Porsgrunn

Øyvind Torvund er ein norsk komponist som blandar akustiske og elektroniske lydkjelder på ein eksperimentell og nyskapande måte.

Øyvind Torvund
Av .

Artikkelstart

Øyvind Torvund er ein norsk komponist. Han blandar ofte akustiske og elektroniske lydkjelder på ein eksperimentell og nyskapande måte. Torvund har skrive soloverk, kammermusikk og orkesterverk, mellom anna for Oslo-Filharmonien, Stavanger symfoniorkester, Kringkastingsorkesteret og Bit20. Torvund er mottakar av Arne Nordheims komponistpris og EDVARD-prisen.

Utdanning og engasjement

Torvund har studert komposisjon ved Noregs musikkhøgskole i Oslo (1998–2001) med Bjørn Kruse og Ivar Frounberg som lærarar, og ved Universität der Künste i Berlin (2001–2002) med Friedrich Goldmann. Han har også hatt arbeidsopphald i Freiburg og Berlin i Tyskland og i Firenze og Umbria i Italia.

Etter å ha fullført utdanninga si var Torvund engasjert som huskomponist for Oslo Sinfonietta (2003–2004), og han vart seinare tildelt MIC Norsk musikkinformasjon og Rikskonsertane sitt lanseringsprogram for unge komponistar, INTRO Komponist (2007–2009).

I perioden 2009–2012 var Torvund kunstnarisk leiar i foreininga Ny Musikk.

Kompositorisk verksemd

Eit særtrekk ved Torvund sitt kompositoriske virke er korleis han utforskar, kombinerer og nærast leikar med ulike klangkjelder, musikalske referansar og musikalske gestar. I musikken hans kan tilsynelatande kontrasterande element frå norsk folkemusikk, populærmusikk, improvisert musikk, klassisk musikk og samtidsmusikk blir presentert side om side: nokre gonger parallelt som om musikarane i enkelte parti speler individuelt utan å ta omsyn til kvarandre, andre gonger smeltar dei ulike elementa saman til éin heilskapleg klang eller musikalsk gest.

Torvund har bakgrunn som elgitarist, og han brukar både improvisasjon og elektronikk i fleire av verka sine. Eit døme på dette er The Exotica Album for saksofon, synthesizer, elektronikk og sinfonietta, skrive til Kjetil Møster, Jørgen Træen og BIT20 Ensemble. Tittelen speler på Martin Dennys album Exotica frå 1957, og i Torvund si eksotiske verd veks 1950-talets easy listenings-musikk saman med støyelement.

Spennet mellom naturen, tradisjonelle musikkinstrument og ny teknologi kjenneteiknar fleire av Torvund sine komposisjonar. Eit døme er å finne i Wolf Studies, der feltopptak av ulvelydar blir kombinert med lyden av ein trombone og dessutan feedback frå ein gitarforsterkar, noko som til saman gir ein særeigen «ulvehyl-aktig» klang. Andre verk der Torvund har arbeidd med naturlydar, er Constructing Jungle Books, Forest construction og Forest Walk, Animal Talk.

Mange av Torvund sine verk inneheld utbreidd bruk av repetisjon og bearbeiding av avgrensa musikalsk materiale. Døme på dette finst i Willibald Motor Landscape og Neon Forest Space, der korte episodar blir gjenteke i ulike variantar. I dobbeltkonserten Sweet Pieces for solo perkusjon, solo synthesizer og symfoniorkester blir repetert og blir opningstemaet utvikla og klangane frå første sats gjennom alle verket sine 12 satsar. I dei to symfoniske dikta Morgon i skogen og Ein tur inn i framtida blir blanda lydar frå dataspel og andre elektroniske lydkjelder med klangen frå orkesterinstrumenta. Ein tur inn i framtida opnar med at orkestermusikarane plystrar ein munter melodi berre akkompagnert av skarptromme.

Nytolking og stadsspesifikke framføringar

Torvund har vist sterk interesse for ulike kunstnariske uttrykk, og har gjennom fleire verk har jobba med nytolking og omsetjing frå eitt medium til eit anna. Foredrag om ornament består av 21 stillbilete henta frå ei bok om ornamentikk i egyptisk, assyrisk og gresk tradisjon, og kvart av desse blir kommentert av ein musikalsk frase. I Abstraction in folk Art for klaver, elektronikk og kassettspelar, skrive til pianist Ingfrid B. Nyhus, og i Krull Quest, skrive til cellist Tanja Orning, har komponisten overført element frå slåttemusikk i norsk tradisjon til høvesvis klaver og cello.

Torvund har i fleire verk retta fokus mot kva omgivnader musikken blir framført i, og korleis utøvarar og publikum interagerer med kvarandre. Bandrom-verka opnar for situasjonar som poengterer stad for framføringa og relasjon mellom utøvar og publikum, eksempelvis gjennom å lage konsert i ei campingvogn med avgrensa plass til musikarar og publikum. Gjennom Bandrom-verka undersøkjer Torvund stadsspesifikke problemstillingar og musikkformidling.

Verkliste i utval

  • To symfoniske dikt: Morgon i skogen og Ein tur inn i framtida, orkester og elektronikk (2019)
  • Prehistoric Night and Morning, sinfonietta og elektronikk (2019)
  • Plans for future keyboard and violin pieces, part II, piano/keyboard, fiolin, slideshow og elektronikk (2018)
  • Archaic Jam, orkester og elektronikk (2017)
  • Cinematic Pieces, blåseorkester (2017)
  • The Exotica Album, sinfonietta med saxofon/elektronikk og synthesizar/elektronikk solo (2017)
  • Sweet Pieces, orkester med synth og perkusjon solo (2016)
  • Plans for future keyboard and violin pieces, piano/keyboard, fiolin, slideshow og elektronikk (2016)
  • Det abstrakte i Folkekunsten, piano, tape og slideshow (2014)
  • Willibald Motor Landscape, kammerensemble (2012)
  • Bandrom Bygdøy, 5 situasjonar for 6 musikarar (2009)
  • Bandrom Haus, 3 situasjonar for 9 musikarar (2009)
  • Neon Forest Space, klarinett, gitar, slagverk og cello (2009)

Diskografi i utval

  • The Exotica Album, Kjetil Møster, Jørgen Træen, BIT20 Ensemble, Trond Matsen (Hubro, 2019)
  • Abstraction in folk art, Ingfrid Breie Nyhus (LabLabel, 2015)
  • Neon Forest Space, Asamisimasa ensemble (Aurora, 2015)

Utmerkingar

  • Kunstpreis Musik, Akademie der Künste, Berlin (2022)
  • Spellemannprisen, kategori samtidsmusikk, for plateutgjevinga The Exotica Album med Kjetil Møster, Jørgen Træen, Trond Madsen og BIT20 Ensemble (2020)
  • EDVARD-prisen for orkesterverket Sweet Pieces (2017)
  • Spellemannprisen, kategori samtidsmusikk, for plateutgjevinga Neon Forest Space med ensemble Asamisimasa (2015)
  • Arne Nordheims komponistpris (2012)
  • Torvund er også to gongar nominert til Nordisk råds musikkpris for verka Constructing Jungle Books (2014) og Willibald Motor Landscape (2016)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg