Vågsøy – kommune

Administrasjonssenter
Måløy
Areal (km²)
176
Innbyggertall
5996 (2010)

Innhold

kommune i Sogn og Fjordane. Kommunen ligg på nordsida av Nordfjord., heilt ute ved kysten. Kommunen har namn etter øya Vågsøy. Fyrsteleddet er våg som tyder 'bukt' eller 'vik'. Til kommunen høyrer også øyane Silda i Sildagapet og Husevågøy og Gangsøy som ligg ved munningen av Nordfjord. På fastlandet høyrer austsida av Ulvesundet og nordsida av Nordfjord austover til og med Maurstad med til kommunen. Kommunen vart til i 1964 ved samanslåing av Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy og nordsida av Nordfjord. Øyane Husevågøy og Gangsøy vart overførte frå Davik. til Vågsøy, og Silda vart overført frå Selje.

Natur

Berggrunnen i Vågsøy består i hovudsak av gneisbergartar av grunnfjellsalder, men med ein struktur som er sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Fleire stader finst det mindre felt med olivinstein. Landskapet er bergfylt. Dei høgaste punkta er Synnevahornet (689 m) på fastlandet og Veten (613 m) på Vågsøy. Synnevahornet har namn etter Sta. Sunniva.

Busetnad

Busetnaden er ganske tett i Vågsøy, særleg ved Ulvesundet. Lengst søraust på Vågsøy ligg tettstaden og administrasjonssenteret Måløy (3003 innb. 2007). Raudeberg (671 innb.) ligg 6 km nord for Måløy på Vågsøy, og er nest største tettstaden i kommunen. Tettstader ellers er Bryggja (345 innb.) som ligg på fastlandet og lengst aust i kommunen. Holvik (335 innb.) og Vågsvåg (227 innb.) ligg begge sør for Måløy på Vågsøy. Kommunen har stort sett hatt ein svak nedgang i folketalet heilt sidan 1960. I tiårsperioden 1996–2006 har det vore ein nedgang på 5,8 % mot 2,1 % for heile Nordfjord.

I 1997 vedtok Vågsøy kommunestyre at Måløy kan nytte nemninga by.

Næringsliv

Fiskeri er ein viktig næringsveg, og kommunen er den klart viktigaste i fylket målt etter kor mykje fangst som er levert (i 2004: 286 400 tonn, til ein verdi av 683 mill. kr). Viktigaste fiskeslaga er makrell og sild. Industrien er i stor grad basert på fiskeri (fisketilverking, produksjon av olje og fôrmel osv.). I kommunen finst også fleire store fiskeeksportørar, f.eks. Domstein ASA, Coast Seafood. Også verkstadindustrien er i stor grad knytt til sjø og fiskeri. I dei seinare åra har det komme i gang fleire teknologiverksemder. Kommunen har også skipa Måløy Vekst, eit selskap som arbeider svært aktivt for å fornye og utvikle industri og næring i kommunen. Næringsmiddel- og verkstadindustrien har 50 % og 25 % av den samla sysselsettinga i industrien. Det meste av industrien ligg i Måløy, på Raudeberg og i Deknepollen.

Dei siste 30 åra har jordbruksdrifta gått kraftig tilbake i kommunen. Det er stort sett på Bryggja det i dag er eit levande og aktivt jordbruksmiljø. Jordbruket er heilt dominert av husdyrbruk (storfe, sau); berre 1 % av jordbruksarealet er åker og hage, og det blir ikkje dyrka korn. Dei aller fleste som driv jordbruk i kommunen, kombinerer det med anna arbeid: fiskeri, verkstadindustri, bygningsarbeid, transport.

I Måløy kjem avisa Fjordenes Tidende ut tre gonger i veka (måndag, onsdag og fredag).

Samferdsel

Hovudvegsambandet er  Måløy–Stryn–Otta, som kryssar Ulvesundet med bru. Måløybrua er 1224 m lang, og stod ferdig i 1973. Frå Maurstad går Rv. 61 nordover til Ålesund, frå Almenningsfjellet går Rv. 618 nordover til Selje. Vegnettet på sjølve Vågsøy er relativt tett. Her går Rv. 617 mellom Måløy og Raudeberg. Denne vegen har vore rasutsett, men i oktober 2008 vart den 689 m lange Skåratunnelen opna. Husevågøy har ferjesamband med Måløy. Dei andre øyane er veglause. Måløy er fast stoppestad for Hurtigruten, og elles er det lokalbåtsamband med småøyane. To gonger dagleg går det ekspressbåt mellom Måløy og Bergen. Reisetida er 4,5 time. Ekspressbåten har fleire stopp undervegs, bl.a. Leirgulen (Bremanger), Smørhamn (Bremanger) og Florø. Det er bilferjesamband fleire gonger dagleg mellom Måløy og Oldeide (Bremangerlandet; Rv. 616). Fleire godsruter med båt langs kysten stoppar i Måløy. Tre gonger i døgeret går det ekspressbuss langs Rv. 15 og E6 mellom Måløy og Oslo. Reisetida er 10,5 time. Næraste flyplassane er Sandane lufthamn,  (1,5 time frå Måløy), Florø lufthamn, Florø (1,5 time frå Måløy) og Ålesund lufthavn på Vigra. (4 timar frå Måløy).

Offentlege institusjonar m.m

Måløy er eit viktig handelssenter. Kommunen har vidaregåande skule (Måløy vidaregåande skule) med eit breitt linjetilbod. Skulen ligg på fastlandet, 3 km frå Måløy sentrum. I kommunen er det 4 fyr: Kråkenes fyr, Skongsnes fyrUlvesund fyr og Hendanes fyr. Alle fyra er automatiserte, men ved tre av dei (Kråkenes, Skongsnes, Ulvesund) er i delar av året opne med kafedrift og tilbod om overnatting.

Vågsøy kommune svarer til Vågsøy prestegjeld i Nordfjord prosti, Bjørgvin bispedømme. Prestegjeldet er delt i tre sokn: Totland på fastlandet og Nord-vågsøy og Sør-Vågsøy. Kvart sokn har eiga kyrkje. Kommunen utgjer eit lensmannsdistrikt i Sogn og Fjordane politidistrikt (Florø), og høyrer under Fjordane tingrett.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har to skråstilte, sølvfarga ror mot ein blå bakgrunn. Dei symboliserer styring og at sjøen er viktig for kommunen.

Lenkje

Videre lesning