Deknepollen er den del av byen Måløy som ligg på fastlandet. Bydelen tilhøyrer Kinn kommune, Vestland fylke.
Faktaboks
- Etymologi
-
av norrønt djákn (engelsk deacon), 'prelat i domkapitel', og pollr, 'fjordbukt' – altså 'prelat i domkapitel ved fjordbukt'
- Også kjent som
-
Degnepollen
Bygdene Kulen, Degnepoll, Tennebø, Blålid og Nygård har dei siste åra vakse i hop til ein bydel. Tidlegare var det ferjestad ved Ulvesundet, medan i dag går Måløybrua over sundet til Måløy med samla lengde 1224 meter.
I Deknepollen er det fiskeindustri med blant anna sildoljefabrikk, mekanisk verkstad og fleire høgteknologiske verksemder. Det finst og vidaregåande skule. Den tidlegare Hagevik tønnefabrikk er no freda og restaurert som museum.
Kommentarer (2)
skrev Fredrik Holme
svarte Svein Askheim
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.