Nord-Vågsøy var ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Den tidlegare kommunen omfatta nordre delen av øya Vågsøy. I 2020 vart Nord-Vågsøy del av Kinn kommune, Vestland fylke.

Nord-Vågsøy kommune vart til i 1909 ved utskiljing frå Selje. I 1964 vart Nord-Vågsøy kommune slått saman med Sør-Vågsøy og delar av Selje og Davik til den nye kommunen Vågsøy.

På Raudeberg ligg Nord Vågsøy kyrkje. På Kapellneset finst tårnet etter den eldste kyrkja. Det er også fleire gravhaugar. På Skongsnes ligg Skongenes fyr. Stranda Refviksanden ligg på nordvestsida av øya.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg