Raudeberg

Artikkelstart

Raudeberg er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 585 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
585 (SSB, 2021)
Landareal
0,7 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
5681 Raudeberg

Raudeberg ligg ved Ulvesundet på nordre del av øya Vågsøy. Her er fiskehamn med klippfisktilverking og verkstadindustri. Nordaust for tettstaden ligg Nord-Vågsøy kyrkje.

Namnet Raudeberg kjem i frå mineralet olivin, som blir raudt når det oksiderer. Raudt berg finst ovafor bygda.

Kart

Raudeberg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg