Sør-Vågsøy, tidlegare kommune i Sogn og Fjordane. Vart til ved utskiljing frå Selje i 1909. Vart i 1964 slegen saman med Nord-Vågsøy til den nye storkommunen Vågsøy. I tillegg vart Husevågøy, Gangsøy m.fl. og landet på nordsida av Nordfjord overførte frå Davik. Frå Selje vart øya Silda og nokre andre område overførte. I alt utgjorde overføringane frå Davik og Selje 38 km2.

Sør-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1907; arkitekt var Lars Sølvberg.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.