Vågsøy - øy

Kannesteinen.

Kannesteinen. av . CC BY 2.0

Vågsøy er ei øy i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane, på nordsida av Nordfjord. Øya er skild frå fastlandet ved Ulvesundet, der Måløybrua på Rv. 15 går mellom Måløy og Deknepollen på fastlandet. Øya har eit areal på 59,1 km2. Høgste punkt er Veten på 613 moh. På søraustsida av øya ligg tettstaden Måløy der dei fleste av innbyggjarane i kommunen er busett.

Kråkenes fyr ligg på nordvestodden. Den tre meter høge steinen Kannesteinen, som har fått si spesielle form av bølgjer gjennom tusener av år, ligg i bygda Oppedal på vestsida. Refvikvatnet og Refviksanden ligg nord på øya. Skongsneshellaren er den største hellaren på øya.

Den 29. januar 2016 raste orkanen Tor over Vestlandet. Det vart målt ei vindsnøggleik på 48,9 m/s på Kråkenes fyr, som er den kraftigaste vindstyrke som er målt i Noreg nokon gong.

Kommentarer (3)

skrev Atle Råsberg

Av ein eller annan grunn står siste siste setninga i artikkelen på bokmål.

svarte Svein Askheim

Sorry, la ikke merke til det. Vil du skrive den på nynorsk?

svarte Svein Askheim

Jeg la inn på nynorsk og håper det ble riktig :-) takk for tipset.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg