Fjordenes Tidende

Avishode til Fjordenes Tidende
Fjordenes Tidende.
Midt under høyonna i 1909 samla den 55 år gamle sersjant Knud O. Midgaard (bilete) frå Halsør tingarar til den nye avisa. Midgaard starta med å tråle rundt i heile Vågsøyna og gjekk derifrå til Stad og Vanylven. Derifrå gjekk ferda vidare over til Bryggja og endte opp i Olden, inst i Nordfjord. I løpet av fi re veker samla han 400 tingarar. Under krigen var Fjordenes Tidende underlagt sensur og fekk til dømes ikkje skrive om Måløy-raidet i 1941. Redaktør Harald Fagerlid måtte ofte ringe styreformann Audun Lem for å spørje om kva han skulle gjere med forordningane tyskarane ville ha inn i avisa. «Du får leggje det til sides,» pleide styreformann Audun Lem å svare. Avisa blei ikkje kravd for erstatning etter krigen.
Knud O. Midgaard
Av /Fjordenes Tidende.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Fjordenes Tidende, dagsavis i Måløy, grunnlagt 1910, kjem ut tre gonger i veka. Lokalavis for Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og deler av Vanylven, eigd av Polaris Media ASA. Redaktør: Erling Wåge.

Historie

Mellom Vågsøyna og fastlandet går Ulvesundet, og midt i leia ligg den vesle øya Moldøen. Øya blei ein viktig handelsstad og vaks etter kvart over til Skramsbygda (Måløy sidan 1921) på Vågsøyna. Den strategiske plasseringa som lun hamn rett sør for Stad gjorde Måløy også til ei viktig fiskerihamn. Fiskeriet blei rikare og trekte til seg bondesøner frå heile Nordfjord, og tid- leg på 1900-talet var eit lite bysamfunn i emning ytst i Nordfjord. Folketalet auka frå 400 i 1900 til 1200 i 1920, då både trikk og jarnbanestasjon var lagt inn i byplanen for Måløy.

Fiskeindustrien vaks fram, men Måløy mangla eit organ for annonser og politisk ordskifte. Ekspeditør Per Sunde, overrettssakførar Kristofer Bernhard Hagen og andre framståande menn byrja i 1909 å planlegge ei avis. Det blei også oppfatta som ein hemsko for utviklinga at staden låg under det agra- re Selje herad. I 1910 blei Måløy senter i Sør-Vågsøy herad, og same året blei Fjordenes Tidende skipa som organ for det næringsliberale Frisinna Venstre. I 1931 var det knapt høvdingar att i dette partiet, og Høgre tok over avisa.

Fjordenes Tidende brukte riksmål, slik det høvde seg for byfolk som ville markere avstand til bondebakgrunnen sin. Avisa var fylt av telegram og re- ferat, og så turr at ho blei kalla «Kavringen» på folkemunne.

Etter initiativ frå hermetikkfabrikkeigar Johan Gotteberg fekk Måløy i 1933 ei ny avis som var langt friskare og informativ. Nynorsk, norskdom og andre Venstre-saker var grunnlaget for Nordfjord Folkeblad med Per Osdal som redaktør. I 1936 tok J.M. Steffensen over som redaktør. Steffensen hadde vore redaktør i Tidende og tok opp kampen ved å auke Folkebladet frå to til tre nummer i veka. Fjordenes Tidende sleit økonomisk, men følte seg tvun- gen til å gjere det same.

Folkebladet blei stogga i 1940, medan Tidende kom ut under heile krigen. Folkebladet kom tilbake i 1948, men måtte gje seg 5. januar 1952 etter at trykkarane flytte til Bergen.

I 1964 blei Måløy senter i ein større kommune. Året etter blei Per-Gunnar («pg») Larsen redaktør i Tidende og fekk sving på journalistikken. Larsen utvida lesarskaren ved å gjere avisa til eit talerøyr for distriktet og uredd kamporgan for Nordfjord sjukehus på Eid.

På 1980-talet gjekk avisa med millionoverskot. I 1994 selde Høyres pensjonskasse aksjane sine til Sunnmørsposten, som var eigd av Orkla Media. I 2006 blei Orkla Media (seinare Edda Media) kjøpt av det britiske Mecom. Polaris Media kjøpte Sunnmørsposten i 2009.

Opplag

År Opplag
1932 1000
1957 3471
1960 4037
1970 5509
1979 7003
1990 6832
1998 6889
2008 5485
2010 5400
2015 2423

Fakta

  • Fyrste nr. 5.4.1910

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg