Friedrich Schleiermacher
Den tyske teologen Friedrich Schleiermacher er ein av de fremste innan protestantisk dogmatikk.
Friedrich Schleiermacher
Av .

Dogmatikk er ein teologisk disiplin som har som oppgåve å gi ei systematisk framstilling av innhaldet i den kristne trua.

Faktaboks

Uttale
dogmatˈikk

Dogmatikken inngår i våre dagar – både på protestantisk og katolsk hald – gjerne som ein del av disiplinen systematisk teologi. Ved sida av dogmatikk kan den systematiske teologien omfatte deldisiplinar som etikk, religionsfilosofi, økumenikk og fundamentalteologi.

Metode- og grunnlagsproblem har spelt ei sentral rolle i fagdisiplinen frå tusenårsskiftet. Det er likevel store konfesjonelle og også nasjonale variasjonar når det gjeld utviklinga av dogmatikken. På tysk og skandinavisk hald har ein dei siste tiåra sysselsett seg intensivt med hermeneutiske grunnlagsproblem. Utviklinga i Sverige skil seg likevel ut. Her er disiplinen dogmatikk avskaffa ved dei teologiske fakulteta og erstatta med den vitskapleg «nøytrale» disiplinen livsåskådningsvetenskap.

Historikk

Nemninga theologia dogmatica dukka første gong opp i ein boktittel i 1659. Dogmatisk teologi, eller dogmatikk, blei først formelt skilt ut som eigen teologisk disiplin på 1600-talet, delvis med utgangspunkt i skiljet mellom etisk og dogmatisk teologi, delvis i skiljet mellom ein historisk og ein dogmatisk teologi. Reelt sett har disiplinen røter tilbake til dei eldste teologiske forsøka på å gi ei samanfattande framstilling av den kristne trua.

Om ein i dei eldste kristne symbola (truvedkjenningane) hadde ei vedkjennande samanfatning av trua, trong ein både i samband med undervisning og i samband med indre og ytre strid også ei meir reflektert og teologisk samanfatning av trua. Tidlege døme på slike er Origenes' Om grunnsanningane (220-talet) eller Augustins De doctrina christiana (Om den kristne læra), skrivne på slutten av 300-talet eller først på 400-talet. Det mest innverknadsrike dogmatiske verket i mellomalderen var Quattuor Libri Sententiarum (Dei fire Sentensbøkene), som blei skrive av Petrus Lombardus i 1150-åra. Dette var den dogmatiske grunnteksten som blei kommentert og diskutert av andre teologar gjennom den skolastiske teologien i heile høg- og seinmellomalderen. Som teologisk refleksjonsbidrag var likevel Thomas Aquinas' Summa theologica (avslutta i 1270-åra) viktigare. I reformasjonstida på 1500-talet gav både Philipp Melanchthon og især Jean Calvin (Institutio religionis christianae) epokegjerande samanfatningar av kristendommen på protestantiske premissar.

I protestantisk dogmatikk er det to verk som ragar framfor andre. Det eine er Friedrich Schleiermachers Der christliche Glaube (Den kristne trua, 1821, sterkt omarbeidd i 1830). Dette verket blir kalla truslære, ettersom det fokuserer på trua og ikkje dei kristne dogma i seg sjølv. I Noreg prøvde Gisle Johnson i sin Pistik å byggje vidare på dette prinsippet, samstundes som han la vekt på å halde seg innanfor ramma av luthersk konfesjonell teologi. I ein viss forstand kan ein også seie at Ole Hallesby med Den kristelige troslære (2 bind, 1920–1921, 2. utgåve i 1938) stod i denne tradisjonen.

I det andre viktige verket, Karl Barths Kirchliche Dogmatik (Kyrkjeleg dogmatikk, 1932–1967), er igjen det kristne dogmet, basert på Guds ord, gjenstand for dogmatikken.

På katolsk hald verkar Karl Rahner som den fremste dogmatikaren i det førre hundreåret, med sin Grundkurs des Glaubens. Einführung in den Begriff des Christentums (1976). Av representativ betydning er elles Mysterium salutis (5 bind 1965–1976).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg