Bønnetaco

Taco med bønner og grønsaker

Bønnetaco
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Taco
Old El Paso anno 1980
Taco
Av .
Fisketaco

I Noreg blir det oftast ete taco med kjøttdeig, men i andre delar av verda er taco med fisk like vanleg.

Taco er ein kjend meksikansk matrett som er ein av dei mest populære texmexrettane i mellom anna Noreg.

Taco er sett saman av tortillaer (flate, runde lefser av mais eller kveite) fylt med fisk, skaldyr eller kjøtt og toppa med garnityr som grønsaker, frukt, saus og ost. Tortillalefsa er mjuk, men kan også serverast i friterte tortillaer, anten forma som tacoskjel eller flate, friterte lefser, då kalla tostadas.

I Mexico er frasen «echarse un taco» («hive i seg ein taco») vorte synonymt med å ete. Taco er meir ein metode for å skyfle mat inn i munnen enn ein spesifikk rett.

Taco i Noreg

I Noreg er «nasjonaltacoen» tacoskjel fylt med kjøttdeig, grønsaker, saus, ost og rømme. Med unntak av hermetisk mais og kvitost er dette ein rett som er lik calimex-tacoen. Denne varianten vart oppfunnen av meksikanske gjestearbeidarar i California i mellomkrigstida, og seinare industrialisert av fastfoodkjeda Taco Bell i 1962.

Den u-forma tortillaen var ei meksikansk oppfinning. Det same er ideen om å frityrsteike han og dessutan å fylle han med andre ingrediensar enn den tradisjonelle meksikanske versjonen med kylling og bønner. Kjøttdeig erstatta kylling, medan issalat, hermetisk tomat og cheddarost var produkt som tidlegare var utilgjengelege for den meksikanske arbeidarklassen. Calimex-tacoen vart slik eit symbol for den meksikanske klassereisa. Guacamole og rømme kom seinare, og det var denne calimex-tacoen som vart spreidd verda rundt i 1970-åra.

Taco kom til Noreg i 1965, då Stavanger-kjøpmannen Allert Middelthon byrja å importere varer for å tilfredsstille behovet til amerikanarar som kom til byen for å leite etter olje i Nordsjøen. Middelthon tok inn maismjøl, Pampers-bleier med parfyme, kakemiksar, ulike supper på boks, barbecuesausar og taco-produkt. Middelthon selde også vidare til kjøpmenn som Jacobsen på Holtet i Oslo og Bang på Høvik i Bærum.

Oluf Lorentzen i Oslo begynte tidleg i 1970-åra å importere tacoprodukt, og frå 1973 fanst tacoskjel, garbanzobønner, tostadanes, tamales, enchiladas og kryddersaus frå Old El Paso i utvalget til kjeden. Old El Paso er ein grønsaksprodusent som i 1950-åra spesialiserte seg på hermetisert og tørka meksikansk mat.

Det meksikanske kjøkkenet vart populært på verdsbasis i etterdønningane av sommar-OL i Mexico 1968, men i Noreg var det i første omgang den meksikanske gryteretten som vart mest populær. Først i 1985 fekk Oluf Lorentzen konkurranse, då Haugen-gruppa byrja å importere tacoprodukt. I åra mellom VM i fotball i Mexico i 1986 og Noregs kamp mot Mexico i fotball-VM i 1994 styrkte tacoen si stilling i dei norske heimane. Forsøk på tacorestaurantar som Acapulco i 1985 og fastfoodrestaurantar som Tacoland og El Taco opplevde ikkje same suksess.

Haugen-gruppa hadde butikkampanjer og -demonstrasjonar under begge fotballmeisterskapa, og ifølgje Aftenposten åt nordmenn 10,5 millionar tacoar i 1990. Året etter satsa den svenske krydderprodusenten Santa Maria på taco. I 1993 stod Old El Paso-produkt for nesten 30 prosent av importverksemda til Oluf Lorentzen, medan det i 1994 vart omsett meksikansk mat for 45 millionar kroner i norske butikkar.

Taco i norsk matkultur

Tacofredag
Tacofredag. Meny-butikk anno 2016
Tacofredag
Lisens: CC BY SA 3.0

Ifølgje ei MMI-undersøking gjennomført i 1995 kunne 60 prosent av befolkninga under 40 år tenkje seg meksikansk mat dersom dei fekk velje. Ifølgje Ipsos-undersøkinga «Norske spisefakta 2018» et 13 prosent av den norske befolkninga under 40 år taco kvar einaste fredag, medan rundt 84 prosent et taco minst éin gong i månaden.

På slutten av 1990-talet vart taco svært populært rundt om i dei norske heimane, og i 1998 skreiv Aftenposten om «de tusen Grandiosa- og tacospisende hjem» i omtale av NRK si laurdagsunderhaldning.

På 2000-talet gjekk taco gradvis over frå å vere ein rett til å bli ein smak. I 2001 lanserte Stabburet pizzaen «Grandiosa Mild Taco», som etter kvart fekk selskap av tacolasagne, tacosuppe, tacosnacks, tacobaguett, barnetaco og Toro tacogryte, som vart lansert i 2010 under slagordet «smaken av taco hver dag». Samtidig fekk den klassiske norske tacoen konkurranse; salet av tacoskjell sokk på bekostning av mjuke tacolefser. Ifølgje Santa Maria vart det selt 450 millionar tortillalefser i Noreg frå 2000 til 2010.

I 2013 opna restauranten Taco República i Oslo, og det signaliserte ein renessanse for taco i norsk restaurantverd i form av fleire restaurantar og «foodtrucks» som la seg nærare dei meksikanske originalane enn texmex- og calimex-variantane.

I koronaåret 2020 auka omsetninga av taco i Noreg med ein kvart milliard, til 1,6 milliardar kroner. I 2023 åt 13 prosent av nordmenn, rundt 715 000 personar, taco kvar fredag. 84 prosent har taco på bordet minst ein gong i måneden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg