klut

Artikkelstart

Klut er eit tøystykke eller ei fille til ymse føremål, som til dømes vaskeklut, tørkeklut, pusseklut.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt klútr

I folkedrakttradisjon i Gubrandsdalen er klut eit rektangulært tøystykke som er innfelt på skjorteskuldra.

«Raud klut», som mot ein okse i tyrefekting, blir overført brukt om noko som kan hisse nokon opp.

På seglskip kan klut vere ei nemning på segl, til dømes i uttrykket «setje alle kluter til».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Ragnhild Bleken Rusten: Folkedrakt og bymote i Gudbrandsdalen 1650–1940; Dialektbetegnelser

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg