Thorhild Widvey

Faktaboks

Thorhild Widvey
Født
9. januar 1956, Avaldsnes, Rogaland
Stortinget.

Artikkelstart

Thorhild Widvey er tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland i 1989–1997, tidlegare olje- og energiminister i regjeringa Bondevik II i 2004–2005 og tidlegare kulturminister i regjeringa Solberg frå oktober 2013 til desember 2015.

Bakgrunn

Thorhild Widvey er fødd i Avaldsnes (no Karmøy) i Rogaland. Ho gjekk på Haugesund gymnas i 1972–1975, Idrætshøjskolen i Århus i 1975–1976 og har eksamenar frå BI. Ho arbeidde som idrettsleiar ved ein HVPU-institusjon på Karmøy i 1976–1982 og i 1986, som prosjektleiar i Karmøy kommune i 1983–1985 og var marknadskonsulent for Rica-hotella i Haugesund i 1987–1989.

Politisk karriere

Widvey har lang erfaring frå både politisk arbeid og styreverv i ulike bedrifter i næringslivet. Widvey var medlem av styret i Karmøy Høgre frå 1980, kommunestyrerepresentant i Karmøy i 1979–1983, medlem av formannskapet i Karmøy i 1983–1989, medlem av styret i Rogaland Høgre i 1985–1989 og medlem av fylkesutvalet i Rogaland i 1987–1989. Sidan 2008 har ho vore medlem av sentralstyret i partiet.

I 1985–1989 var Widvey vararepresentant til Stortinget, og frå 1989 til 1997 var ho vald inn som fast representant for Høgre frå Rogaland. Først sat ho i sosialkomiteen på Stortinget i 1989–1993, deretter i samferdselskomiteen i 1993–1997. Widvey var statssekretær i regjeringa Bondevik II, fyrst for statsråd Svein Ludvigsen i Fiskeridepartementet i 2002–2003 og deretter for statsråd Jan Petersen i Utanriksdepartementet i 2003–2004. Widvey var olje- og energiminister i den andre regjeringa til Bondevik i 2004–2005. Dei neste åra hadde ho mange styreverv, særleg i oljerelaterte næringar.

Frå 2013 til desember 2015 var ho kulturminister i regjeringa Solberg. Som kulturminister arbeidde Widvey mellom anna for meir privat sponsing av kulturlivet, utarbeiding av ein bransjeavtale med unntak frå prislova i staden for ei boklov, endring av mediepolitikken, og ho fekk ansvaret for å følgje opp Oslo sin søknad om å arrangere OL i 2022. 16. desember 2015 fekk ho avskil i nåde.

Andre verv

Widvey har hatt ei lang rekkje tillitsverv og styreverv. Ho var mellom anna medlem og deretter nestleiar av styret i Norges Handicapidrettsforbund (NHIF) i 1983–1987, nestleiar i Norges Reiselivsråd frå 1990, leiar av styret for Hiimsmoenkollektivet frå 1988 og nestleiar i Europabevegelsen frå 1992. Ho var styremedlem i Tromsø 2018, leiar av hovudstyret i Sjømannskirken i 2009–2013, sat i styret i Aker Drilling ASA i 2005–2013 og Bjørge ASA i 2006–2013. Widvey var styremedlem i Stiftelsen Offshore Northern Seas, Haugaland Kraft og Stiftelsen Rogaland Kunnskapspark i 2012–2013.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg