Olaug Bollestad

Faktaboks

Olaug Bollestad

Olaug Vervik Bollestad

Født
4. november 1961, Strand, Rogaland
Bollestad
Olaug V. Bollestad
Av .

Olaug Bollestad er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF) som sidan 2021 er partileiar. Ho har vore stortingsrepresentant frå Rogaland sidan 2013. Bollestad er tidlegare ordførar i Gjesdal kommune og var landbruks- og matminister i regjeringa Solberg i frå 2019 til 2021.

Bakgrunn

Olaug Vervik Bollestad er fødd i Strand i Rogaland. Ho var elev ved Strand gymnas i 1977–1980 og gjekk på bibelskule i Oslo i 1981–1982. Ho tok sjukepleiarutdanning ved Røde Kors sykepleierskole i Stavanger i 1984–1987, administrativ leiing og økonomi ved NKI i 1992–1994 og vidareutdanning som intensivsjukepleiar ved Universitetet i Stavanger i 1997–1999. Bollestad arbeidde som ungdomsarbeidar i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1980–1984, og ho var tilsett ved Stavanger universitetssjukehus i 1987–2007 og i Ryfylke og Jæren Indremisjon i 1995–1997.

Politisk karriere

Olaug Bollestad på NIBIO-konferansen i 2019
Olaug Bollestad var statsråd i Landbruks- og matdepartementet i perioden 22. januar 2019 til 14. oktober 2021.
Olaug Bollestad på NIBIO-konferansen i 2019
Lisens: CC BY SA 3.0

Bollestad hadde ikkje vore medlem i KrF lenge før ho blei vald inn som kommunestyrerepresentant i Gjesdal i 2003–2015. I perioden 2007–2013 var ho ordførar i kommunen og medlem av Rogaland fylkesting. Ho var leiar av Gjesdal KrF i 2004–2006 og frå 2008 til 2014 var ho medlem av landsstyret i partiet. Ho er medlem av sentralstyret frå 2015. Bollestad var andre nestleiar i Kristeleg Folkeparti i 2015–2017 og første nestleiar frå 2017. Ho var konstituert partileiar frå januar 2019 fram til det ordinære landsmøtet i april 2019, og igjen i september–november 2021.

Bollestad var varamedlem til Stortinget for KrF frå Rogaland i 2009–2013 og er vald inn som stortingsrepresentant sidan 2013. Ho er medlem av helse- og omsorgskomiteen sidan 2013 og var leiar av komiteen i 2017–2019. I 2019 blei ho utnemnd til landbruks- og matminister i Erna Solberg si utvida regjering. Ei kort periode i 2019 og i september til oktober 2021 var ho også barne- og familieminister. Bollestad vart sittande som landsbruks- og matminister då Framstegspartiet gjekk ut av Solberg-regjeringa i 2020, og fram til regjeringsskiftet etter stortingsvalet i 2021.

Då KrF skulle bestemme seg for politisk vegval hausten 2018 var Bollestad motstandar av dåverande partileiar Knut Arild Hareide sitt ønske om å innleie forhandlingar med Arbeidarpartiet. Bollestad fekk kritikk frå andre i partiet for rolla ho spela då Rogaland KrF, i motsetnad til andre fylkeslag, vedtok ikkje å ta omsyn til mindretalet ved delegatvalet til KrF sitt landsmøte om venstre- eller høgreretta politisk retning.

På landsmøtet vedtok eit knapt fleirtal, med nestleiarane Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad i spissen, å innleie forhandlingar med regjeringspartia i regjeringa Solberg. Då regjeringsplattforma var ferdigforhandla, trakk partileiar Hareide seg, og Bollestad overtok som konstituert partileia og blei statsråd i den utvida regjeringa Solberg frå januar 2019. KrF gjekk dermed inn i regjeringa til Venstre, Høgre og Framstegspartiet i januar 2019. Då Ropstad måtte gå av hausten 2021, vart Bollestad igjen fungerande partileder fram til ekstraordinært landsmøte i november 2021. Der vart ho vald til leiar.

Andre verv

Bollestad har hatt ei lang rekkje offentlege verv i Gjesdal kommune og Rogaland fylkeskommune, mellom anna var ho medlem av styret for Jærmuseet, Jæren Kompetansesenter og leiar i styret for Gjesdal Næringspark AS i 2007–2011. Ho var òg medlem av Landstinget for Kommunenes Sentralforbund (KS) i 2011–2013.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg