Ulefoss

Artikkelstart

Ulefoss er ein tettstad i Nome kommune i Vestfold og Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,3 km², og har 2279 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Etymologi
Eldste skriftform Wolufoss (1439). Eidselva kan ha hett Vála på norrønt.
Innbyggertall
2279 (SSB, 2020)
Landareal
2,3 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
3072 Ulefoss

Ulefoss er administrasjonssenter i Nome kommune, og ligg ved Norsjø, på båe sider av fossen Ulefoss i Eidselva.

Staden har betydeleg industriverksemd. Industrien er knytt til to storgardar med tilhøyrande næringsverksemd, Holla (Holden) sør for elva tilhøyrande familien Cappelen og Ulefoss hovudgard nord for elva som er eigd av familien Aall. Begge har kraftverk i Eidselva og store skogeigedommar. Ulefos Jernværk er Noregs eldste industribedrift. Forutan Aalls og Cappelens verksemder har Ulefoss nokre mindre bedrifter.

Ulefoss er utgangspunkt for Bandak-Norsjøkanalen. Gjennom tre slusar ved Ulefos Bruk (Eidsfoss sluseanlegg) blir båtane førte forbi den 11 meter høge fossen. Både Holla og Ulefoss gard har freda bygningar. Ved Holla gard ligg òg ruinane av Holla gamle kyrkje frå mellomalderen. Romnes kyrkje nord for Ulefoss er ei mellomalderkyrkje. Sør for tettstaden ligg Fensfeltet med mange sjeldne mineral. Her var Søve niobgruver i drift i 1950- og 1960-åra.

Kart

Ulefoss
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg