Mette Karlsvik

Faktaboks

Mette Karlsvik
Født
28. november 1978, Bodø, Nordland
Oppvaksen på Frei, Møre og Romsdal
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Mette Karlsvik er ein norsk forfattar og journalist.

Bakgrunn

Mette Karlsvik er fødd i Bodø i Nordland og voks opp på FreiNordmøre i Møre og Romsdal. Ho tok vidaregåande skuleUnited World College Red Cross Nordic i 1995—1997. Ho har studert kunsthistorie ved NTNU (1997–1998), tok bachelorgrad i biletkunst frå Glasgow school of Art (1998–2002), Skrivekunstakademiet i Hordaland (2003–2004), illustrasjonsstudiet ved Norges kreative fagskole (no Høgskulen Kristiania) (2004–2005), bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Bergen (2005–2007) og dramatikarutdanninga til Norsk barnebokinstitutt (2010–2011).

Forfattarskapen

Karlsvik debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som handlar om ei jente med anoreksi. Den 90 sider lange romanen Flytårn, om ein flygeleiar på Kvernberget flyplass, blei utgitt i 2007, og i romanen Pol (2008) prøver hovudpersonen å få arbeid i Bergens Tidende.

Karlsvik gav ut barneboka 1–2–TRE i 2009. Det er ei fabulerande historie om miljø, vennskap og tre elleve år gamle jenter. Ho er representert i fleire antologiar, og ho skriv reisehandbøker for forlaget Grieg. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk.

I 2011 kom den første sakprosaboka hennar, Post oske. Dagar og netter i Reykjavik. Boka handlar om Island etter finanskrisa og vulkanutbrotet. Romanen Bli Björk (2011) handlar om Island på 1990-talet og om songartisten Björk sin barndom og ungdom fram til gjennombrotet hennar. Også den illustrerte romanen Prinsland (2012), illustrert av Svein Størksen, og romanen Varmá (2016) handlar om Island. Ho har også gitt ut teikneserien Kjøt (2018) saman med illustratør Tord Torpe og fleire andre romanar.

Verv og anna engasjement

Karlsvik har arbeidd som journalist i mellom anna Morgenbladet, Dagens Næringsliv, Dagsavisen og Bergens Tidende. Frå 2010 jobba ho med informasjonsarbeid for Den norske Forfatterforening. Karlsvik var leiar for Norsk sakprosafestival i 2018 og 2019, og har i tillegg vore rådgjevar i seksjon for visuell kunst i Norsk kulturråd.

Utmerkingar

Karlsvik fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden i 2005. I 2011 fekk ho Sigmund Skard-stipendet, og i 2012 fekk ho både Stig Sæterbakkens Minnepris og Bokhandelens forfatterstipend, samt målprisen til Nordmøre Mållag. I 2013 fekk ho Skien kommunes kunstnerstipend.

Bibliografi

  • Same tid neste veke : samtaler med Thorvald Steen (Pax, 2021)
  • Meieriet (Roman, Samlaget, 2019)
  • Kjøt (Magikon, 2018)
  • Mørkerom (Roman, Samlaget, 2017)
  • Varmá (Roman, Samlaget, 2016)
  • UR (Lyrikk, Spriten forlag, 2015)
  • Dyrebar (Barnebok, Magikon, 2014)
  • Den beste hausten er etter monsun (Roman, Samlaget, 2014)
  • Øy/Ey (Roman, House of Foundation, 2013)
  • Vekstvilkår (Essays, Spriten forlag, 2013)
  • Prinsland (Roman, Magikon, 2012)
  • Post Oske/ Dagar og netter i Reykjavik (Dokumentar og historie, Flamme, 2011)
  • Bli Björk (Roman, Samlaget, 2011)
  • 1-2-TRE (Barnebok, Samlaget, 2009)
  • Pol (Roman, Samlaget, 2008)
  • Flytårn (Roman, Samlaget, 2006)
  • Vindauga i matsalen vender mot fjorden (Roman, Samlaget, 2005)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg