Martin Kolberg

Faktaboks

Martin Kolberg

Martin Arvid Kolberg

Født
24. februar 1949, Drammen, Viken
Martin Kolberg var ein svært sentral politikar i Arbeidarpartiet frå 1980-talet fram til han gjekk ut av rikspolitikken i 2021. Her er han fotografert i 1989.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Martin Kolberg på Stortinget sin talarstol under sitt siste år på Stortinget 2021.
Av /Stortinget.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Martin Kolberg er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet (Ap). Han var partisekretær i 2001–2009 og stortingsrepresentant for Buskerud frå 2009 til 2021.

Bakgrunn

Martin Arvid Kolberg er fødd i Drammen i Buskerud (no Viken). Han tok elektrofagvidaregåande skule, teknisk forkurs og var ei stund student ved Oslo Tekniske Høyskole utan å fullføre. Kolberg har arbeidd som hjelpearbeidar i mekanisk industri, som laboratorieassistent ved Drammen Kabelfabrikk i 1968–1972, hjelpearbeidar ved Romika skofabrikk og som postbod.

Politisk karriere

Kolberg har arbeidd i partiorganisasjonen til Arbeidarpartiet og AUF sidan 1973. Han var medlem av AUF sitt sentralstyre i 1973–1981, sekretær i AUF i 1977–1981, organisasjonssekretær i Ap i 1973–1977 og i 1981–1986, samt kontorsjef i 1986–1992. Han var medlem av Lier kommunestyre for Arbeidarpartiet i 1971–1979. Han vart medlem av sentralstyret i Ap i 1995 og var partisekretær i Arbeidarpartiet i 2000–2009.

Kolberg var sekretariatsleiar for stortingsgruppa til Ap i 1992–1995 og 1997–2001. Han var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Buskerud i 1977–1981 og 2001–2005. I 1995–1996 var Kolberg statssekretær for statsminister Gro Harlem Brundtland ved Statsministerens kontor, deretter statssekretær for statsråd Jørgen Kosmo i Finansdepartementet i regjeringa Jagland i 1996–1997.

Kolberg var innvald som stortingsrepresentant i 2009–2021 og var parlamentarisk nestleiar i partiet 2009–2013. Han var nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget frå 2009 til 2013 og leiaren av komiteen frå 2013 til 2017. Frå 2017 til 2021 var han medlem av utanriks- og forsvarskomiteen. Han søkte ikkje attval ved stortingsvalet i 2021, og avslutta med dette karrieren sin som rikspolitikar 72 år gammal. Han har arbeidd mykje med å utvikle ideologien til Arbeidarpartiet og å styrkje forholdet til fagrørsla. Han arbeidde for medlemsdemokrati og for å knekkje «Frp-koden», som viser til den folkelege appellen til Framstegspartiet.

Andre verv

Han var medlem av bygningsrådet i Lier i 1971–1980, medlem av barnevernsnemnda og skulestyret i Lier, og medlem av vallovutvalet frå 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ulstein, Hege (2021). Tillitsmannen Martin Kolberg. Oslo: Aschehoug.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg