Artikkelstart
Magnus Stangeland er næringslivsleiar og tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Hordaland.
Magnus Stangeland er næringslivsleiar og tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Hordaland.
Magnus Stangeland er fødd i Austevoll i Hordaland (no Vestland). Han gjekk ut frå lærarskulen på Stord i 1966 og tok i 1970 handelsskuleeksamen i Bergen. Han tok òg kurs som kystskipper ved Fiskarfagskulen i Austevoll i 1996.
Stangeland var rektor på Storebø skule frå 1970 til 1978. Før det arbeidde han som lærar, som idrettsinstruktør i Sjøforsvaret og som fiskar. I 1997 vart han administrerande direktør i DOF Industri A/S og fekk i 2002 tilsvarande stilling i North Sea Drilling Group AS.
Stangeland var medlem av Austvoll kommunestyre for Senterpartiet i 1972–1984, av Austvoll formannskap i 1981–1983 og ordførar i Austevoll frå 1975 til 1981. Han var òg medlem av Hordaland fylkesting frå 1981 til 1983.
Han var vararepresentant til Stortinget i 1981–1985 og var vald inn som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hordaland i 1985–1997. Stangeland var nestleiar i Senterpartiet si stortingsgruppe i 1989–1993. Han var medlem av fleire komitear på Stortinget, og frå 1993 til 1997 var han mellom anna leiar for samferdselskomiteen.
I 2011 vart Stangeland, saman med Anders Talleraas frå Høgre, dømd til fengselsstraff i Oslo tingrett for grovt aktlaust bedrageri, etter utbetaling av for høg stortingspensjon. Han vart seinare frikjend i lagmannsretten.
Stangeland har hatt ei rekkje styre- og tillitsverv i bedrifter og organisasjonar. Han var mellom anna styreleiar i Posten Noreg i 1999–2002 og president i Redningsselskapet i 2000–2006.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.