Faktaboks

Lan Marie Nguyen Berg
Fødd
4. mars 1987, Oslo
Lan Marie Nguyen Berg

Lan Marie Nguyen Berg er ein norsk politikar frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som frå 2015 til 2021 var byråd for miljø og samferdsel i Oslo. Frå 2021 er ho stortingsrepresentant for MDG frå Oslo.

Bakgrunn

Lan Marie Nguyen Berg er fødd i Oslo og voks opp på Kolbotn i Oppegård (no Nordre Follo) i Akershus. Ho gjekk på Ski videregående skole i 2003–2006, har bachelorgrad i utviklingskunnskap frå Høgskolen i Oslo (no OsloMet) i 2009, og tok mastergrad i samfunnsvitskap frå Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo i 2013.

Ho arbeidde som journalist i den fleirkulturelle avisa Utrop i 2009, i Utlendingsdirektoratet i 2010 og som festivalkonsulent i Melafestivalen i 2010. I 2011 arbeidde ho med å dokumentere klimaendringar på stillehavsøya Tuvalu, og ho var tilsett ved CICERO Senter for klimaforsking i 2014–2015.

Politisk karriere

Berg var vald bystyremedlem frå 2015 til 2023, men var frå starten byråd i byrådssamarbeid mellom MDG, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Frå 2019 til 2021 var Berg nestleiar i byrådet. Berg har vorte ein av Oslos mest markerte politikarar og har som byråd for miljø og samferdsel eit stort ansvar for omlegginga av trafikkmiljøet i Oslo sentrum med avgrensingar i biltrafikk og parkering, og auka satsing på kollektivtrafikk og bruk av sykkel.

Politikken har vore omstridd, men ho har òg fått mykje støtte. Ho fekk mykje av æra for det gode valet MDG gjorde ved lokalvala i 2015 og særleg 2019, der partiet fekk heile 15,3 prosent av stemmene og vart største parti i fire av bydelane i indre by (Gamle Oslo, Grünerløkka, Sagene og St. Hanshaugen). Berg måtte gå av som byråd etter å ha blitt felt av eit mistillitsforslag sommaren 2021. Fleirtalet til bystyret meinte ho ikkje hadde oppfylt informasjonsplikta i saka om ei ny reservevassforsyning for Oslo. Saka førte til at heile byrådet gjekk av.

Frå 2021 er Berg innvald som stortingsrepresentant for MDG frå Oslo. Ho er frå 2022 medlem av finanskomiteen og frå 2023 av kontroll- og konstitusjonskomiteen. Ho er frå 2022 parlamentarisk leiar for MDG.

Som politikar for Miljøpartiet Dei Grøne har hjartesakene hennar vore klimarettferd internajonalt og lokalt arbeid med miljø. Ho vil ha ein klimavennleg hovudstad, med eit bilfritt sentrum, og ho vil stanse utbygginga av E18 vest for Oslo.

Anna engasjement

Nguyen Berg har skrive for bloggkollektivet «Grønne jenter» om miljø- og klimatiltak i kvardagen, og ho har vore aktiv i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg