Norges daværende miljøvernminister Guro Fjellanger signerer Kyotoprotokollen, 29. april 1998.
Kyotoprotokollen
Av /NTB.

Artikkelstart

Kyotoavtalen er ein folkerettsleg, bindande, internasjonal klimaavtale som talfestar kor store reduksjonar i klimagassutslepp landa er forplikta til å gjennomføre i avtaleperioden. Avtalen har fastsett reduksjonsmål for to periodar, først frå 2008 til 2012 og deretter frå 2012 til 2020, då den blei avløyst av Parisavtalen.

Faktaboks

Også kjent som

Kyotoprotokollen

Bakgrunn og ratifisering

Kyotoavtalen var den første internasjonale klimaavtalen med konkrete utsleppsmål for enkeltland. Avtalen var eit tillegg til FNs klimakonvensjon og blei vedteken på det årlege toppmøtet mellom medlemslanda i klimakonvensjonen i Kyoto i Japan, 11. desember 1997 (COP3). Avtalen skulle tre i kraft den 90. dagen etter at minst 55 land, som til saman stod for minst 55 prosent av CO 2 -utsleppa i dei rike landa i 1990, hadde ratifisert avtalen i sine nasjonalforsamlingar. Dette skjedde først 16. februar 2005. I 2015 var 191 statar pluss EU del i Kyotoavtalen. USA stod utanfor fordi avtalen blei nedstemd i Senatet. Canada trekte seg frå avtalen 15. desember 2012, medan Russland, Japan og New Zealand ikkje tok på seg nye utsleppsmål då avtalen blei utvida med ein ny periode i 2012.

Første avtaleperiode

Berre industrialiserte land fekk talfesta og bindande utsleppsmål. Dette var i tråd med prinsippet om «felles, men ulikt ansvar» i Klimakonvensjonen, som seier at dei industrialiserte landa har eit større ansvar for å handle i klimaspørsmålet enn det utviklingslanda har. Måla varierte, men den samla reduksjonen i utslepp skulle vere minst fem prosent frå nivået i 1990 i løpet av perioden 2008–2012. Noreg kunne auke sine utslepp med éin prosent frå 1990, medan EU-landa skulle redusere sine samla utslepp med åtte prosent. Fem av landa nyttar andre referanseår enn 1990.

Kyotoavtalen forpliktar landa som har utsleppsmål til òg å få på plass nasjonal lovgiving og tiltak for å redusere klimagassutslepp, rapportere inn nasjonale utslepp, forske på og ta i bruk fornybar energi samt å avvikle økonomiske ordningar som gjer det fordelaktig å sleppe ut klimagassar. Kyotoavtalen inneheld ikkje vesentlege sanksjonsmekanismar mot land som ikkje oppfyller måla sine, anna enn internasjonalt tap av omdøme.

Fleksible mekanismar

Kyotoavtalen introduserte tre såkalla «fleksible mekanismar» – det vil seie ulike former for handel med klimakvoter – som dei rike landa kan ta i bruk for å redusere utsleppa sine. Desse verktøya er:

  • JI: Felles gjennomføring (engelsk: Joint Implementation)
  • CDM: Den grøne utviklingsmekanismen (engelsk: Clean Development Mechanism)
  • Internasjonal kvotehandel mellom land som har utsleppsmål

Mekanismane gjer at landa kan oppfylle delar av måla sine ved å betale for utsleppskutt i andre land.

Felles gjennomføring (JI) vil seie at eit land med utsleppsmål kan investere i utsleppsreduserande prosjekt i eit anna land med utsleppsmål, og på den måten få godskrive utsleppsreduksjonar i sin eigen klimarekneskap. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) er ei ordning som let fattige land omsetje utsleppsreduksjonar i kvotar, som dei deretter kan selje til rike land. Ein liten del av prisen for CDM-kvotane går til FNs klimatilpassingsfond, som blei etablert under Kyotoavtalen i 2001. Dette skal bidra til klimatilpassing i fattige land.

Andre avtaleperiode

På partsmøtet i Doha i Qatar i 2012 blei det semje om å utvide Kyotoavtalen med ein ny periode og nye utsleppsmål fram til 2020. Dette vart gjort i påvente av ein ny internasjonal klimaavtale som skulle vere forpliktande for både rike og fattige land.

I den nye avtaleperioden tok Noreg på seg eit mål om å redusere sine klimagassutslepp med 30 prosent innan 2020, samanlikna med 1990-nivå. Fordi nokre land då nekta å ta på seg nye mål, dekte den nye perioden berre om lag 15 prosent av dei samla klimagassutsleppa i verda.

Resultat

I 2015 melde FN at landa som har utsleppsmål i samsvar med Kyotoavtalen, til saman hadde redusert utsleppa sine med 22,6 prosent i høve til 1990, langt meir enn dei var forplikta til. Det er likevel usikkert kor mykje av dette som kan tilskrivast Kyotoprotokollen og kor mykje som kjem av andre omstende, til dømes økonomisk nedgang og redusert industriproduksjon i fleire av landa med utsleppsmål. Samtidig har dei totale utsleppa i verda auka gjennom båe periodane Kyotoprotokollen har gjeldt for.

Kyotoavtalen har vore viktig for utforminga av norsk klimapolitikk, trass i at dei norske klimagassutsleppa har vore langt høgare enn Kyoto-måla våre. Noreg auka sine nasjonale utslepp i den første Kyoto-perioden, og i 2020 var utsleppa berre 3,4 prosent lågare enn i 1990 – langt unna målet for den andre Kyoto-perioden på 30 prosent reduksjon. Noreg har oppfylt måla for båe periodar ved å kjøpe klimakvoter frå utlandet, i stor grad CDM-kvoter.

Kritikk

Kyotoavtalen har vore kritisert frå fleire hald, mellom anna for å gi for små utsleppsreduksjonar og ha for svake sanksjonar mot land som bryt pliktene sine. Andre har kritisert avtalen for berre å talfeste utsleppskutt i dei rike landa, noko som var medverkande til at USA ikkje slutta seg til avtalen.

Det har også vore reist kritikk mot Kyotoavtalen sine mekanismar for kvotehandel. Når det gjeld CDM-mekanismen har det vist seg at pengane i fleire tilfelle har gått til prosjekt som òg ville ha blitt realiserte utan økonomisk draghjelp frå kvotehandel, og som difor ikkje representerer reelle utsleppskutt. Det er òg knytt sterk tvil til om CDM har ført til utvikling og teknologioverføring til utviklingsland, slik det var meint. Kritikken har ført til nokre endringar i kva prosjekt som kan få tildelt CDM-kvotar.

I 2015 kom det fram at så mykje som tre firedelar av kvotane frå JI-prosjekt i Russland og Ukraina hadde låg kvalitet eller var fiktive, som eit resultat av korrupsjon og organisert kriminalitet.

Kyotoavtalen i dag

Etter den andre avtaleperioden gjekk ut i 2020 har Kyotoavtalen blitt avløyst av Parisavtalen, som blei vedteken på klimatoppmøtet i Paris i 2015 og tok til å gjelde frå 2020. Denne avtalen skil seg frå Kyotoavtalen på fleire vis, mellom anna ved at den gir alle land ei plikt til å fastsetje utslippsmål, ikkje berre dei rike landa. Samtidig lar Parisavtalen landa sjølve avgjere korleis måla deira skal utformast, og opnar dermed for store skilnader mellom landa sine klimamål.

Sjølv om internasjonale klimamål etter 2020 er forankra i Parisavtalen, er Kyotoavtalen framleis gjeldande internasjonal rett, og fleire av mekanismane i protokollen er framleis i aktivitet. Protokollen har hatt stor innverknad på korleis mange land har utforma klimapolitikken sin, jamvel om den berre har ført til små utsleppsreduksjonar i dei to periodane den gjaldt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Martiniussen, Erik (2013) Drivhuseffekten. Klimapolitikken som forsvant. Forlaget Manifest.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg