I teologi er predestinasjon læra om at Guds bestemmer på førehand om kvart enkelt menneske skal oppnå frelse eller enda i fortaping.

Faktaboks

Uttale
predestinasjˈon
Etymologi
av latin pre- ‘føreåt’ og destinare ‘bestemma, fastsetja’

Utgangspunktet for predestinasjonslæra er trua på at Gud er allmektig og allvitande: Ingenting skjer utan at det er Guds vilje. Predestinasjon er vidare bestemt av læra om at det syndige mennesket i seg sjølv er fortapt. Frelsa er eit under, som kjem av at den truande er utvald til frelse med basis i Guds evige avgjerd.

Det nye testamentet har inga samanhengande lære om predestinasjon, men mange utsegner kan tolkast i den retninga. I Paulus' brev til romarane står det til dømes: «Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken» (kapittel 8, vers 29). Andre stader i Det nye testamentet som kan tolkast til fordel for predestinasjonslæra, er Paulus' brev til romarane (kapittel 9, vers 18), Paulus' brev til efesarane (kapittel 1, vers 4), og Johannesevangeliet (kapittel 6, vers 70).

Ei teologisk lære om predestinasjon blei først utforma av Augustin av Hippo, som i kampen mot Pelagius' synergisme hevda at mennesket ikkje kan gjera noko for frelsa si, og at Gud difor har utvalt eit bestemt antal menneske til frelse. Jean Calvin representerer predestinasjonslæra i den strengaste forma, men denne strenge læra blir ikkje halden fast ved av dei reformerte kyrkjene i vår tid. Også Martin Luther var tilhengjar av predestinasjonslæra, idet han knytte seg til tradisjonen frå Augustin. For Luther var det likevel viktig ikkje å gjera dette temaet til gjenstand for teologisk spekulasjon. For han hadde det med den skjulte Gud å gjera, og ikkje med den openberra Gud. Læra er ikkje teken opp i dei lutherske vedkjenningsskriftene.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg