Artikkelstart
Jørgen Stang var forfattar og biletkunstnar frå Sunnfjord. Han uttrykte seg i mange sjangrar, mellom anna viser, dikt, kåseri, tonar og biletkunst.
Jørgen Stang var forfattar og biletkunstnar frå Sunnfjord. Han uttrykte seg i mange sjangrar, mellom anna viser, dikt, kåseri, tonar og biletkunst.
Jørgen Stang var fødd i Stongfjorden i Askvoll i Sogn og Fjordane (no Vestland). Etter folkeskulen var Stang elev ved realskulen i Askvoll og tok deretter examen artium ved Sogndal gymnas i 1945. Dei neste par åra hadde han lærarjobbar, mellom anna på Bulandet og i Høyvika, før han begynte på Bergens Handelsgymnasium i 1947 og tok eksamen i 1948. Hausten 1948 flytta han til Oslo.
I 1968 debuterte Stang med barneboka Rise Rugge Småttomsenn, illustrert av Unni-Lise Jonsmoen. Denne boka fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for. Seinare skreiv han fem vise- og diktbøker til for barn, i tillegg til ei barnebok med eventyr. Bøkene for barn er mest morovers, med ei leikande haldning til språk, personar og handling.
For vaksne lesarar gav Stang ut to dikt- og visesamlingar: Åretak (1970) og Vengeslag (1973). I begge desse bøkene, og i eit par av barnebøkene, finn ein notar til nokre av tekstane. I tillegg til Stang sjølv har Sparre Olsen, Bjarne Volle og Tormod Sæverud laga melodiar. Der viddevinden bur (1982) er eit notehefte med melodiar av Sæverud som tillegg til ni tekstar av Stang.
I bøkene for vaksne finn ein meir alvor, med uttrykk for einsemd og vonløyse – men også kjærleik og naturstemningar. Stang har mange naturlyriske tekstar med musikk-inspirerte innslag, stundom med tydeleg inspirasjon frå folkedikting og folkeviser. Metaforane hans er henta frå natur og kvardagsliv, og dei er sjeldan innfløkte.
Stang var sjølvlærd som biletkunstar og hadde ei lang rekkje utstillingar i 1980- og 1990-åra. Han budde i Hamburg nokre år og hadde separatutstillingar både der og i Bremen. Mange av bileta hans har motiv frå Sunnfjord-naturen.
I tillegg til å skrive eigne bøker var Stang spaltist i avisa Folket, som var talerøyr for fråhaldsrørsla i Noreg, frå 1962 til 1982. Han var òg spaltist i Bondebladet i perioden 1966–1981. I 1970-åra deltok han i mange «Barnetimen for dei minste»-program i NRK. Han var også radiokåsør, og han var med i fleire andre radio- og fjernsynsprogram.
Stang gjendikta tre bøker av danske Halfdan Rasmussen, og fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin omsetjarpris for den første av dei, Trippe-trapp-trappestein (1972). I 1970 vann Stang, saman med Bjarne Volle (melodi), førsteprisen i ei visetevling arrangert av Dag og Tid, med «Natursvinvise».
Stang var elles medlem av Den norske Forfatterforening, Ungdomslitteraturens forfatterlag og Norsk Oversetterforening.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.