Unni-Lise Jonsmoen

Faktaboks

Unni-Lise Jonsmoen

Unni-Lise Hansen (fødenamn)

Født
21. april 1936, Oslo
Unni-Lise Jonsmoen les for barn i Galleri sommerstua, heime på garden på Strømmen i Alvdal i 1981.
Av /Anno Musea i Nord-Østerdalen.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Artikkelstart

Unni-Lise Jonsmoen er biletkunstnar, illustratør og forfattar. Med sin karakteristiske stil og store produksjon har ho gitt eit viktig bidrag til norsk barnelitteratur frå 1960-åra og fram til notida.

Bakgrunn

Unni-Lise Jonsmoen er fødd i Oslo. Som ungdom leid ho av tuberkulose, noko ho har skildra i den sjølvbiografiske boka Lukket dør (2017). Ho tok utdanning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1955–1959. Ho bur i Alvdal og er gift med forfattaren Ola Jonsmoen, som ho har samarbeidd med om fleire bøker.

Forfattar- og kunstnarskap

Jonsmoen har illustrert ei rekkje skulebøker, barnebøker og diktsamlingar. Ei av dei tidlege barnebøkene var Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik (1960), der ho har dekorative teikningar i oransje og svart. Ho har sjølv skrive fleire bøker som ho har laga illustrasjonar til, mellom dei Svarttrosten som forsov seg (1979), Kjenner du fru Frodig? (1982) og Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan (1990).

Ved sida av bokarbeidet har ho hatt mange offentlege utsmykkingsoppdrag, ikkje minst i Østerdalen, der måleria og teikningane hennar finst både på skular, på pleieheimar, i kyrkjer og i forretningar. Jonsmoen har hatt ei rekkje utstillingar, både i Noreg og i utlandet.

Teknikken hennar varierer frå enkle strekteikningar til fleirfargetrykk. Illustrasjonane viser ein humor som kan ha ein tendens til overdriving og kan strekkje seg inn i det karikerte.

Prisar

Jonsmoen har vunne fleire prisar. Mellom anna fekk ho Kyrkje- og kulturdepartementet sin illustrasjonspris i 1960, 1961, 1965 og 1966, og Hedmark fylke sin kulturpris i 1989 (saman med ektemannen).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg