Folket var ei norsk vekeavis, fråhaldsrørsla sitt fellesorgan, som bringa stoff om rus, oppvekst og folkehelse. Avisa blei grunnlagd som dagblad under forbudskampen i 1919. Avisa var eigd av Vårt Land då ho blei nedlagd i 2006.
Folket


Opplagstall for Folket, 1986-2005
1986 | 6378 |
---|---|
1988 | 6200 |
1990 | 5327 |
1991 | 4810 |
1992 | 5567 |
1993 | 5612 |
1994 | 5828 |
1995 | 6702 |
1996 | 5700 |
1997 | 4938 |
1998 | 4195 |
1999 | 3041 |
2004 | 2723 |
2005 | 2489 |
Historie
Fråhaldsrørsla var ei mektig kraft i norsk samfunnsliv gjennom store delar av 1900-talet. Avisa Folket blei grunnlagd under kampen om brennevinsforbodet i 1919, og var lenge fråhaldsfolket sitt hovudorgan.
Avisa Folket var organ for Avholdsfolkets Landsnemnd og kom første gong ut 1. juli 1919 i Stavanger. Til å begynne med var Folket eit dagblad, men avisa kom ut tre gonger i veka i 1920, to gonger i 1934, og etter andre verdskrigen blei den ei vekeavis. Frå 1927 hadde avisa undertittelen «Fellesorgan for Norges avholdsfolk», frå 1935 «Organ for Avholdsfolkets Landsnevnd» og frå 1936 «Avholdsfolkets Fellesorgan».
Folket skulle vere eit felles talerøyr for fråhaldsrørsla i edruskapspolitiske spørsmål, men det var striden om forbodet i 1919 som bar avisa fram. Spørsmålet om forbod mot sal av brennevin og heitvin hadde ein sentral plass i avisspaltene den første tida, og fråhaldsrørsla ser på avisa som avgjerande då folket røysta ja til forbodet i 1919.
Hans Amundsen var den første redaktøren i avisa. I 1921 overtok Arne Halgjem, deretter følgde Emil Redse i 1926, Andreas Hanssen i 1927 og Erling Traaholt i 1929. I 1934 var Andreas Hanssen tilbake som redaktør for avisa. Folket heldt fram å kome ut under krigen, men då Hanssen gjekk inn i Nasjonal Samling i 1941, forlét mange abonnentar avisa. Hanssen gjekk av som redaktør ved årsskiftet 1941/1942, og dei gamle abonnentane kom tilbake. Hanssen blei redaktør i Vestlandske Tidende.
Under krigen stod Rolf Jacobsen, og seinare Sigurd Krog, formelt som ansvarleg redaktør, men lærar Erling Sørli redigerte avisa. Ordninga var godkjend av Pressedirektoratet, som kontrollerte pressa under krigen. Etter krigen blei Erling Sørli ansvarleg redaktør. Han fekk avløysing i 1949 av Kåre Grytli, som igjen blei avløyst av Øystein Søraa i 1951.
Trass i fråhaldsrørsla sin «ubrytelege, uthaldande, seige viljestyrke», var sviktande økonomi eit stadig tilbakevendande problem. Folket mangla eit sikkert driftsgrunnlag, og dei store ambisjonane lét seg vanskeleg foreine med «den altfor skrinne tingarflokken». Etter krigen kom det i stand ei ordning med at landsnemndorganisasjonar sytte for obligatorisk abonnementsordning med avdelingane. Folket fekk då ei sikker abonnementsgruppe, og tiltaket motverka det faktumet at talet på fråhaldslag og losjar gjekk tilbake etter andre verdskrigen.
I 1954 gjekk Folket over frå fire til åtte sider, og stort format blei lagt om til tabloidformat med fem spalter. Avisa blei lagd ned i 2006 og hadde då eit opplag på om lag 2500 eksemplar.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1972 | 5692 |
1986 | 6378 |
2005 | 2489 |
Fakta
- Første nummer: 1. juli 1919
- Siste nummer: mars 2006
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.