Erik

Artikkelstart

Erik er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ei-ríkr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.

Namnet har fleire variantar: Erick, Eirik, Erik, Eric, Erich.

Namnedag er 18. mai. Eirik og Erika har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Erik

Eit utval personar med namnet Erik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 26500 menn (fødde i Noreg) som hadde Erik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Erik i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Erik. Dette inneber at 39 prosent hadde Erik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lindquist, Ivar 1939: Omkring namnet [Erik. Namn och Bygd 27].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg