Eirik

Eirik er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ei-ríkr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.

Namnet har fleire variantar: Erich, Erick, Eirik, Erik, Eric.

Namnedag er 18. mai. Erik og Erika har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Eirik

Eit utval personar med namnet Eirik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 14900 menn (fødde i Noreg) som hadde Eirik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Elmevik, Lennart 1982: Fisl. einherjar ‘krigare i Valhall’ och några andra fornord. sammansättningar med ein-. [Saga och Sed].[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg