Faktaboks

Democratic Unionist Party

DUP

Uttale
deməkrˈætik jˈu:njənist pˈa:ti
Ulster Resistance
Symbolet til Ulster Resistance, skipa av DUP-politikarane Ian Paisley, Peter Robinson og Ivan Foster i november 1986 som reiskap i kampen mot den anglo-irske avtala.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Democratic Unionist Party (DUP) er eit unionistisk politisk parti i Nord-Irland. Lojalitet til unionen med Storbritannia og den britiske krona er ein sentral verdi for partiet. DUP er sosial-, kultur- og kristenkonservativt. Partiet er òg sterkt antirepublikansk, det vil seie at dei er motstandarar av irsk nasjonalisme og gjenforeining med republikken Irland.

DUP vart skipa i 1971 av den fundamentalistiske protestantiske kyrkjeleiaren Ian Paisley og den tidlegare folkevalde for Ulster Unionist Party, Desmond Boal. Partiet var sosial- og kulturkonservativt og stod for den sterkaste politiske motstanden mot maktdeling med nasjonalistane i Nord-Irland frå starten. I periodar har partiet vore aktive i grenselandet til paramilitær aktivitet.

Partiet overtok rolla som største unionistparti og største parti i Nord-Irland tidleg på 2000-talet, men tapte posisjonen som største parti i Nord-Irland til Sinn Féin ved valet til Northern Ireland Assembly i 2022.

Bakgrunn og partidanning

Democratic Unionist Party førehistorie og viktige hendingar

1956

Ulster Protestant Action (UPA) vart skipa

1966

Protestant Unionist Party (PUP) vart skipa

1971

Democratic Unionist Party vart skipa

1973-1974

Democratic Unionist Party samarbeider med andre unionistar i kampen mot Sunningdaleavtala

1985-1987

Democratic Unionist Party og andre unionistar protesterer mot den anglo-irske avtala.

1998

Langfredagsavtala. DUP er ikkje med blant avtalepartane

2003 og 2005

DUP vert største parti i Nord-Irland

2007

Ian Paisley vert fyrsteminister med Martin McGuinness (Sinn Féin) som visefyrsteminister/ Traditional Unionist Voice vert skipa ved utbrot frå DUP.

2008

Ian Paisley går av som partileiar

2022

DUP møter tilbakegang og vert forbigått av Sinn Féin som største parti

Dei historiske røtene til Democratic Unionist Party kan sporast attende til skipinga av Ulster Protestant Action (UPA) i 1956. Denne utbrytarorganisasjonen frå Ulster Unionist Party (UUP) agiterte mot den svært varsame tilnærminga den nordirske statsminister Terence O´Neill (UUP) slo inn på under statsministerperioden sin 1963–1969. Dette var startpunktet for fragmenteringsprosessen av nord-irsk unionisme som har vara heilt fram til i dag. Som parti vart Ulster Protestant Action aldri særleg vellukka, og parti vart til Protestant Unionist Party (PUP) i 1966. Dette partiet vart den mest uforsonlege politiske motstandaren av krava om grunnleggjande borgarrettsreform som Northern Ireland Civil Rights Association (NICRA) fremja frå 1967. Denne greina av unionismen avgrensa handlingsrommet til det «statsberande» partiet UUP. Mykje ettergjevnad for borgarrettskrava kunne leia til sterkare mobilisering både frå dei radikale i borgarrettsrørsla og frå Protestant Unionist Party og dei paramilitære på unionistisk side. På den andre sida kunne blank avvisning og hardhendt reaksjon radikalisera borgarrettsrøsla og revitalisera IRA – Irish Republican Army.

Danninga av Democratic Unionist Party var ei omdanning av Protestant Unionist Party, og båe grunnleggjarane av DUP – Ian Paisley og Desmond Boal – hadde hatt viktige roller i både Ulster Protestant Action og Protestant Unionist Party. Ian Paisley var og grunnleggjar av det protestantisk fundamentalistiske kyrkjesamfunnet Free Presbyterian Church of Ulster i 1951. Evangelisk kristne og særleg frå dette kyrkjesamfunnet sette tydeleg preg på DUP frå starten. Paisley vart leiar for DUP frå starten i 1971 og hadde denne posisjonen til 2008.

Oppslutnad i val

DUP utfordra den sterke dominansen til Ulster Unionist Party frå starten, og vart etter kvart både det største unionistpartiet og det største partiet i Nord-Irland i veljaroppslutnad. Gjennom 1970-åra var partiet langt mindre enn UUP. Til dømes fekk partia 10,8 og 35,8 prosent oppslutnad ved valet til den nordirske forsamlinga i 1973, 8,2 mot 32,3 prosent i valet til underhuset i London i 1974 og 12,8 mot 30 prosent ved lokalvalet i 1977.

Ved vala i 1980-åra fekk DUP vesentleg større oppslutnad, men framleis var UUP klårt større i oppslutnad. Ved valet til underhuset i London i 1983 fekk dei to partia 20 og 34 prosent av røystene, og ved lokalvalet i 1985 var oppslutnaden deira 24,3 og 29,5 prosent.

Gjennom vala i 1990-åra kunne DUP framleis liggja langt etter UUP i oppslutnad, slik dei gjorde i lokalvalet i 1997 (16 mot 28,1 prosent) og i valet til underhuset i London same året (13,6 mot 32,7 prosent). Året etter var langfredagsavtala kjend og DUP og UUP fekk høvesvis 18,5 og 21,3 prosent ved det fyrste valet til den nye nordirske forsamlinga. Dei store indre spenningane i UUP om fredsprosessen i Nord-Irland gjorde at mange misnøgde veljarar forlet Ulster Unionist Party, og DUP byrja å pusta UUP i nakken.

Ved val til Northern Ireland Assembly («Stormontparlamentet»), val til underhuset i London og lokalval vart partiet størst frå og med vala i 2003 (Northern Ireland Assembly) og 2005 (lokalval og val til underhuset i London). Etter dette har DUP lagt den unionistiske utfordraren Ulster Unionist Party lengre og lengre bak seg i velgeroppslutnad. Denne trenden held fram heilt til 2022-valet til regionalforsamlinga på Stormont. Då gjekk DUP vesentleg tilbake, UUP opplevde svak tilbakegang, Alliansepartiet fekk stor framgang og Sinn Féin fekk ein liten framgang og vart største parti.

Politisk profil og rolle

DUP er eit sosial-, kultur- og kristenkonservativt unionistparti med mindre appell i den protestantiske mellom- og overklassen, og meir appell i den protestantiske arbeidarklassen enn konkurrenten Ulster Unionist Party. Partiet ser seg sjølve som den fremste forsvararen av britisk identitet og Ulster-protestantisk kultur mot irsk nasjonalisme og den republikanske varianten innanfor irsk nasjonalismetradisjon. Lojalitet til unionen og den britiske krona er ein sentralverdi for partiet, men partiet er motstandarar av medlemskap i den Europeiske Unionen, og støtta Brexit ved folkerøystinga i 2016.

DUP har vore ein konsekvent bremsekloss mot tiltak som kunne styrkja irsk språk i skule og samfunn, sjølv om Langfredagsavtala (1998) gav føringar for styrka rettar for dei som nytta minoritetsspråka irsk og Ulster Scots. DUP sette seg imot lovgjeving som fremja dette i Northern Ireland Assembly. Parlamentet i London vedtok The Identity and Language (Northern Ireland) Bill i 2022, og overkøyrde slik motstanden frå DUP.

DUP-medlemene

Trass i at mindre enn ein prosent av protestantane i Nord-Irland er knytte til Free Presbyterian Church of Ulster, har over 30 prosent av medlemene i DUP vore fripresbyterianarar heilt opp mot vår tid, medan svært få UUP-medlemer er knytte til denne trusretninga. I tillegg kjem det at nesten 30 prosent har vore medlemer i den langt større Presbyterian Church in Ireland. Snautt ein av fem DUP-medlemer er knytte til Church of Ireland, som er den irske varianten av den statsberande britiske anglikanske kyrkja. Om lag like mange høyrer til andre protestantiske kyrkjer. Dette kristenkonservative tyngdepunktet har gjort at partiet er sterke motstandarar av likekjønna ekteskap og motstandarar av abort i nesten alle høve. Leiande medlemer har og vore motstandarar av darwinismen og tilhengjarar av kristenkonservativ kreasjonisme.

Den sterke arbeidarklasseappellen DUP har, gjer at partiet ynskjer å auka lønsnivået for dei lågast løna og partiet ynskjer å auka løyvingane til forsvaret. Vidare vil dei ha eit sterkt atomvåpenforsvar og ynskjer at Storbritannia og Nord-Irland framleis skal vera med i NATO. Klimaaktivistar kritiserer ofte partiet for å ikkje tru på eller bry seg om global oppvarming.

Politisk rolle

Martin McGuinness, Ian Paisley, Alex Salmond
Dei to tidlegare motstandarane Martin McGuinness frå Sinn Féin (til venstre) og Ian Paisley frå DUP (i midten) saman med den skotske politikaren Alex Salmond skriv under på ei avtale mellom Nord-Irland og Skottland i 2008.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Den fyrste freistnaden på å få til ei maktdeling i Nord-Irland etter innføringa av Britisk direktestyre i 1972, kom alt i 1973 med Sunningdaleavtala. Det skulle då veljast ei nordirsk forsamling etter prinsippet om proporsjonal representasjon, og det skulle opprettast eit (all)irsk råd der republikken Irland også skulle vera med. Democratic Unionist Party sette seg sterkt imot dette frå starten saman med delar av Ulster Unionist Party og andre mindre unionistgrupperingar. Ein tverrunionistisk anti Sunningdalekoallisjon stilte til val til underhuset i London i 1974 og vann 11 av 12 representantar frå Nord-Irland. Sunningdaleavtala kollapsa fullstendig etter at ein unionistisk generalstreik hadde lamma store delar av Nord-Irland. Unionistiske paramilitære skapte kaos under denne generalstreiken.

Eit nytt forsøk på å tilbakeføra noko makt til Nord-Irland var Northern Ireland Assembly (NIA) 1982–1986. Bak dette initiativet låg det også tankar om anten proporsjonal representasjon av unionistar og nasjonalistar eller fleirtalsstyre med minoritetssikringar. Maktdeling var uaktuelt for DUP (og UUP). Etter at den anglo-irske avtala (1985) vart skrive under, vart Northern Ireland Assembly redusert til ein arena for fellesunionistiske protestar mot denne avtala. Forsøket med eit regionalforsamling vart difor oppgjeve i 1986.

Democratic Unionist Party var ikkje nord-irsk avtalepart i Langfredagsavtala (1998), som var den viktigaste hendinga i fredsprosessen i Nord-Irland. Det var derimot fleire andre unionistparti – Ulster Unionist Party (UUP), Progressive Unionist Party (PUP) som hadde band til det paramilitære Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Democratic Party (UDP) som hadde band til den paramilitære lojalistorganisasjonen Ulster Defence Association (UDA). Frå den nasjonalistiske sida var både Social Democratic and Labour Party (SDLP) og det republikanske partiet Sinn Féin (med band til IRA) avtalepartar. To andre parti som formelt ikkje rekna seg som unionistar eller nasjonalistar var og avtalepartar – Alliansepartiet og den nordirske kvinnekoallisjonen. Storbritannia og Republikken Irland var og avtalepartar. Avtala regulerte både institusjonar i Nord-Irland, nord-sør-spørsmål og aust vest-spørsmål, avvæpning av paramilitære grupper, normalisering av tryggingsordningar i Nord-Irland, konstitusjonell status for Nord-Irland og korleis denne kunne endrast. I tillegg skulle båe hovudtradisjonane (nasjonalistane og unionistane) reknast som likeverdige og kunne gje uttrykkja sin kultur og identitet.

Langfredagsavtala fekk klår fleirtalstilslutnad i folkerøysting både nord og sør for grensa, men i Nord-Irland dreiv DUP kampanje for å røysta nei. Partiet framheva særleg fire grunnar til dette:

  • Tidleg lauslating av fangar som var dømde for paramilitær verksemd
  • At IRA fekk regjeringsposisjonar trass i at IRA ikkje var avvæpna og framleis var aktive
  • Små sjansar til å halda regjeringsmedlemer til ansvar
  • Svake sjansar til å ettergå arbeidet til organa for nord-sør-saker.

Noko av denne kritikken vart og delt av delar av Ulster Unionist Party.

DUP kunne likevel ikkje stilla seg utanfor 1998-valet og fekk to ministrar i den nye regjeringa, der Ulster Unionist Party og Social Democratic and Labour Party (SDLP) fekk fyrsteministeren og visefyrsteministeren. DUP protesterte likevel ut frå dei to fyrste kritikkpunkta ovanfor ved å ikkje delta i regjeringsmøte saman med Sinn Féin-ministrar. Frå 2007 – då DUP alt var største parti og IRA hadde avvæpna seg sjølv under internasjonalt oppsyn, vart Ian Paisley fyrsteminister og Martin McGuinness (Sinn Féin) visefyrsteminister i regjeringa eit snautt år føre Paisley trekte seg tilbake. Ingen hadde venta at dei skulle utvikla godt samarbeid og personleg venskap, slik det faktisk gjorde.

Hardare tevling om dei mest antirepublikanske veljarane

Democratic Unionist Party hadde då for fyrste gong opplevd at leiande politikarar braut ut av partiet i protest mot for imøtekomande profil i høve til Sinn Féin. Advokaten Jim Allister starta si politiske karriere i Ulster Unionist Party før han gjekk over til Democratic Unionist Party i 1971. I 2007 braut han ut av DUP og skipa Traditional Unionist Voice (TUV). Partiet er mot langfredagsavtala, tvungen maktdeling med nasjonalistane, deltaking av tidlegare IRA-folk i politikken, Sinn Féin i regjeringa og amnesti for republikanarar. I tillegg ynskjer dei redusert politisk samarbeid med Republikken Irland.

I 2011 vart Jim Allister valt inn som einaste TUV-representant i Northern Ireland Assembly, og vart gjenvald i 2022. Partiet fekk framleis berre ein representant, men røystetala viser at representasjonen kan verta større ved relativt små veljarvandringar frå DUP til TUV i komande val. DUP kan soleis ha fått seg ein skarpare antirepublikansk fløykonkurrent.

Store utfordringar etter 2022-valet

Ved 2022-valet fekk DUP 21,3 prosent av røystene og gjekk 6,8 prosenteiningar attende. Ei langvarig utvikling der avstanden til UUP har auka er no brote, sjølv om Ulster Unionist Party også opplevde ein liten tilbakegang. Likevel er Democratic Unionist Party nesten dobbelt så store som Ulster Unionist Party i veljaroppslutnad.

Etter 2022-valet har DUP motsett seg å velja «speaker» for Northern Ireland Assembly og blokkert for at forsamlinga og ei regjering kan fungera. Dei peikar sjølve på at ein reforhandla Nord-Irlandsprotokoll etter brexit må på plass før dei er viljuge til å få regionsforsamlinga og regjeringa i arbeid att. Det einaste av dei partia som har sete i Northern Ireland Assembly som kan vera nøgde med dette, er Traditional Unionist Voice.

Men dette er ein handlemåte med større og større fallhøgd for DUP di meir tid som går. Det store fleirtalet av veljarar vil oppdaga at politiske saker der regionalforsamlinga har tildelt politisk fullmakt, som t.d. helse og sosialsaker, skule og utdanningssaker og veg- og kommunikasjons-saker treng at dei politiske styresmaktene fungerer. Dette kan skapa føresetnader for vidare svekking av DUP, og det vil mest sannsynleg særleg gagna Ulster Unionist Party.

Den største utfordringa for DUP og andre unionistar etter 2022-valet, er likevel at Sinn Féin for fyrste gong sidan delinga av Irland har vorte største parti i eit val til ei nordirsk regionalforsamling – klart foran DUP. Sett i samanheng med at Sinn Féin også vart største parti i sør ved valet til Dáil Éireann i 2020 og seinare har stabilisert seg langt framfor dei andre partia i meiningsmålingane, gjer det at varsellampene om irsk samling er tent i DUP og andre unionistparti. Orangeordenen har teke til orde for å møta trugsmålet om irsk samling med tettast mogeleg valsamarbeid mellom unionistpartia og nokon ynskjer seg samanslåing av UUP og DUP. Det fyrste har vist seg vanskeleg, og det siste er heller ikkje ei sikker vinnaroppskrift. Eit samanslege unionistparti vil snautt få summen av oppslutnaden til dei to største unionistpartia. Dersom partiprofilen vert liggjande for nær den liberale fløya i UUP, vil det mest sannsynleg gje høgare oppslutnad til Traditional Unionist Voice. Vert den for tradisjonelt skarpt unionistisk, kan det fort gjera Alliansepartiet meir attraktivt for meir liberale UUP-veljarar.

Nordirske unionistar har likevel den demografiske utviklinga mot seg. Kanskje vil det difor tena saka deira betre å overtyda større delar av den ikkje-unionistiske folkegruppa om at dei kan leva godt med framhald av unionen med Storbritannia. I tilfelle hastar det å få regionsforsamlinga og regjeringa i funksjon att.

Partileiarar

Namn Periode
Ian Paisley 1971–2008
Peter Robinson 2008–2015
Arlene Foster 2015–2021
Edwin Poots 2021–2021
Jeffrey Donaldson 2021–

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gordon, D. (2010); The Fall of the House of Paisley. Gill & Macmillan
  • Madsen, R. (1994); Den anglo-irske avtala av 1985. Perspektiv på avtala og det unionistiske motstandet mot henne. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Trondheim.
  • McMahon, S. (2011); A brief History of Northern Ireland. The Brehon Press.
  • Murphy, M.C. & Evershed, J. (2020); Between the Devil and the DUP: the Democratic Unionist Party and the Politics of Brexit. British Politics Vol 15.
  • Tonge, J. m.fl. (2014); The Democratic Unionist Party. From Protest to Power. Oxford University Press.
  • Tonge, J. m.fl. (2020); Same but different? The Democratic Unionist Party and Ulster Unionist Party compared. Irish Political Studies Vol 35 nr 3

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg