Partileiaren Jim Allister i 2013
Partileiar Jim Allister i 2013. Allister har tidlegare vore med både i Ulster Unionist Party og Democratic Unionist Party.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Traditional Unionist Voice (TUV) er eit ulster-unionistisk politisk parti i Nord-Irland, skipa i 2007. Misnøye med at Democratic Unionist Party (DUP) aksepterte maktdeling med det irsk-nasjonalistiske partiet Sinn Féin leidde til etableringa av Traditional Unionist Voice. Traditional Unionist Voice er eit sterkt høgreorientert og sosialt konservativt parti som er i opposisjon til maktdeling med irske republikanarar, til politisk samarbeid med Republikken Irland og til støtte til irsk språk og kultur.

Oppslutnad, representasjon og kontroversielle politikarar

TUV har eksistert i skuggen av dei større unionistpartia Democratic Unionist Party (DUP) og Ulster Unionist Party (UUP). Men ved 2022- valet til Northern Ireland Assembly fekk partiet tredobla oppslutnaden sin til 7,6 prosent og hadde den største framgangen av alle partia. Partileiaren Jim Allister vart likevel den einaste TUV-representanten blant dei 90 folkevalde i forsamlinga. I lokale folkevalde organ har partiet berre sju av 462 folkevalde i Nord-Irland

Partiet og TUV-politikarane er kjende for å vera svært kontroversielle. Hausten 2021 forsvarte partiet ein kommentar frå valkandidaten sin i aust-Belfast om at masseskytinga på den blodige Sundagen i Derry i 1972 var ein svært vellukka operasjon. Valkandidaten var sjølv tidlegare fallskjermjeger. I 2009 la nestleiaren ut ein påstand om at irsk språk var eit (mindreverdig) dvergspråk på partinettsidene. Dette er einskild-døme på at Traditional Unionist Voice har ført vidare den polariserande provokative profilen som Democratic Unionist Party under Ian Paisley var særleg kjend for før dei vart etablert som majoritetsparti på unionsvenleg side.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg