Faktaboks

Orange Order

Loyal Orange Institution

Oransjeordenen/Orangeordenen

Uttale
ˈårindʒ ˈå:də
Orange Order
Orange Order under ein av 12. juli-marsjane sine, her i Belfast i 2007.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Orangeordenens flagg
Flagget til Orangeordenen - ofte kalla Boyne-fana. På den Orange bakgrunnen er både St. Georgskrossen (som i det engelske flagget) og purpurstjerna. Denne stjerna var symbolet til tilhengjarane til William III
Orangeparade 12. juli 2019 i Benidorm, Spania
Orangeordenmarsj i Benidorm, Spania 12. juli 2019. Merk tekstane på dei orange t-skjortene. FTP = Fuck the Pope. Remember 1690 viser til slaget ved Boyne.
Orangeparade 12. juli 2019 i Benidorm, Spania
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Orange Order er eit tverrprotestantisk brorskap og ein konservativ britisk unionist-organisasjon. Organisasjonen vart skipa i 1795 i grevskapet Armagh i det som no er Nord-Irland, som eit svar på at dei fyrste republikanarane hadde skipa The Society of United Irishmen i 1791. Orangeordenen sporer likevel røtene til organisasjonen sin tilbake til slutten av 1680-åra.

Orangeordenen har dei sterkaste tradisjonane i dagens Nord-Irland og i delar av Skottland.

Ideologi

Orangeordenen er blant dei mest prinsippfaste unionistane (dei som ynskjer å fortsette unionen med Storbritannia) i Nord-Irland. Dette er mellom anna knytt til forsvaret deira av skrifttru protestantisme, den konsekvente motviljen mot maktdeling mellom unionistar og nasjonalistar (dei som ynskjer sameining mellom Nord-Irland og republikken Irland), og motviljen dei har hatt mot å gjera opp med tidlegare overgrep og mistak (for eksempel den systematiske diskrimineringa etter 1921 og drapa på den blodige søndagen i 1972).

Samstundes er dei i utakt med den generelle sekulariseringa. Og ikkje minst er dei rekna som knallharde forsvararar av privilegia dei unionsvenlege har hatt i høve til den nasjonalistiske folkegruppa. Orangeordenen hevdar å vera for kulturell likestilling, men har likevel saman med mange andre unionsvener, særleg i veljarflokkane til partia Democratic Unionist Party (DUP) og Traditional Unionist Voice (TUV) motsett seg lovgjeving som styrkar den formelle posisjonen til både irsk språk (gaeilge) og Ulster Scots.

Organisasjon, medlemskap og politisk rolle

Religiøs symbolikk i ein Orange Hall
Ballinrees Orange Hall
Ballinrees Orange Hall, med flid i bruken av unionsflagget Union Jack og med William III (king Billy) på ein kvit hest.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
George Chittick i Sandy Row Orange Hall 2011
George Chittick, seinare County Grandmaster for Orangeordenen i Belfast (2013-2018) orienterer om Orangeordenen i Sandy Row Orange Hall.
George Chittick i Sandy Row Orange Hall 2011
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Orangeordenen er organisert i losjar (lokallag), dei har ofte eigne Orange Halls som møtelokale. Dei har og distriktslosjar og storlosjar for kvart land dei har organisasjon i. Unntaket frå det siste er at Grand Orange Lodge of Ireland er storlosje for båe delane av øya Irland.

På toppen av det internasjonale hierarkiet er Grand Imperial Lodge som samlar representantar frå alle land med organisasjon til eit Grand Imperial Council som normalt samlast kvart tredje år. Den irske storlosjen gjev ut avisa The Orange Standard, driv Museum of Orange Heritage i Aust-Belfast og har gjeve ut Journal of Orange History sidan 2015.

Det siste kjende medlemstalet for Orangeordenen i Irland var kring 34 000 i 2012, som er eit dramatisk fall frå topp-punktet på meir enn 90 000 på 1960-talet.

Heilt frå Ulster Unionist Party (UUP) vart skipa (1905) og til 2005 hadde Ulster Unionist Council (det høgaste organet i partiet) massiv formell representasjon frå Orangeordenen. Danninga av Ulster Volunteer Force (UVF) i 1913 sprang ut av Ulster Unionist Party og Orangeordenen. Under perioden frå 1921 til 1972, då Ulster Unionist Party styrte Nord-Irland eineveldig, var det berre eit lite mindretal av UUP-representantane i det nord-irske parlamentet som ikkje var med i Orangeordenen. UUP og Orangeordenen var samanvokse politiske organisasjonar.

Sidan Orangeordenenen historisk har vore så stor i medlemstal og har organisert prostetantar frå alle sosio-økonomiske klassar og frå alle typar yrke, var dei lenge ein svært effektiv reiskap til å mobilisera protestantar frå alle klassar og yrke til å røysta på Ulster Unionist Party.

Orangeordenen spelar både ei politisk og ei religiøs rolle. På den religiøse sida er dei tverrprotestantiske, det vil seia at dei har medlemer frå alle protestantiske kyrkjesamfunn, og alle som søkjer medlemsskap må vera aktive protestantar.

Orangeordenen har ikkje kvinnelege medlemer, men det finst ein parallellorganisasjon for kvinner – the Association of Loyal Orangewomen of Ireland – og ein ungdomsorganisasjon.

Geografisk utbreiing

Orangeordenen har dei sterkaste tradisjonane i dagens Nord-Irland og i delar av Skottland. I Wales og England står Orangeordenen svakare. Ordenen finst og i ei rad tidlegare britiske koloniar – særleg i slike som har hatt vesentleg irsk og skotsk innvandring, det vil seia USA, Kanada, Australia og New Zealand. I Ghana og Togo i Afrika finst det også Orangelosjar, mest sannsynleg som etterverknad av anglikansk misjon.

Ein marsjerande organisasjon

Plakat som syner motstand mot Orangeparade i den vesle landsbyen Rasharkin, Country Antrim. Om lag tre av fire har nasjonalistisk bakgrunn der.

Det Orangeordenen er mest kjend for er klesdraktene sine når dei marsjerer, svarte bowlarhattar, paraplyar, fargerike faner for losjene – og ikkje minst Orange tversband (kalla Sash). Dei fleste av marsjane frå Orangeordenen og andre «loyal Orders» skjer i tidsspennet frå mars til august og med høgdepunktet i marsjsesongen 12. juli – då markerer dei at kong Vilhelm 3. (king Billy) sigra over den katolske tronkonkurrenten Jakob 2. (James) ved Boyne-slaget 12. juli 1690.

Losjane kan vera for eit lokalområdelosje, eller dei kan vera for ei yrkesgruppe. I det tidlegare paramilitære politiet Royal Ulster Constabulary eksisterte for eksempel ei eiga politilosje, Sir Robert Peel Memorial Loyal Orange Lodge. Denne var regjeringsgodkjend. Det var og losjer for særskilte funksjonar, for eksempel ei losje for forsking (om Orangetradisjonen). Andre losjer kunne vera måtehaldslosjer eller fråhaldslosjer.

Å marsjera der ein er minst velkomen

Orangeordenen har hatt som ideologi at dei som lojale undersåttar av krona fritt skal kunne marsjera på «the Queen’s Highway» – det vil seia på offentlege vegar. I område der dei er særleg lite velkomne, har dei vore særleg opptekne av å marsjera. Dette gjeld til dømes gjennom det nasjonalistiske bustadområdet Garvaghy Road i byen Portadown og på delar av Malone Road i Sør-Belfast. Dette har medført protestar frå folk som bur i desse områda og stor uro med massive politioppbod i samband med marsjane. Det er no oppretta ein Parades Commission som alle typar paradar skal varslast til og godkjennast av. Det har i fleire høve medført omlegging av marsjruter og neddemping av konfliktnivået omkring marsjane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Brown, W. (2003); An Army of Banners. The Real Face of Orangeism. Beyond the Pale Publications.
  • Dewar, M.W., Brown, J. & Long, S.E. (1967); Orangeism. A new Historical Appreciation. Grand Orange Lodge of Ireland.
  • Farrell, M. (1990); Northern Ireland. The Orange State. Pluto Press.
  • Haddick-Flynn, K.(1999); Orangeism. The making of a tradition. Wolfhound Press.
  • Hume, D, Mathison, J. & Scott, D. (2009); Beyond the Banners. The Story of the Orange order. Booklink.
  • Pat Finucane Centre (1997); For God and Ulster. An alternative Guide to the Loyal Orders. Pat Finucane Centre.
  • Sibbett, R.M. (1939); Orangeism in Ireland and throughout the Empire. Volume One. Period 1688-1828. Thynne & Co Ltd.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg