Faktaboks

skotsk
Språkkodar
sco (SCO)
ISO-639:3
sco

Skotsk er eit språk som blir brukt i Skottland og av ein liten minoritet i Ulster. Språket blir òg kalla låglandsskotsk for å skilje det frå skotsk-gælisk som blir tala i høglandet, og for ulsterskotskIrland. Det er ikkje fagleg semje over om ein skal rekna skotsk som eit språk eller ein dialekt av engelsk.

Det er svært uklart kor mange som snakkar skotsk som førstespråk, og tala varierer enormt, frå 200 000 til 1,5 millionar menneske i Skottland og mellom 10 000–20 000 og 100 000 i Ulster (i Nord-Irland og Irland). Ved folketeljinga i Storbritannia i 2001 (United Kingdom Census 2001) vurderte ein å inkludere spørsmålet Do you speak Scots?, men etter nokre førebuande undersøkingar gav ein opp og konkluderte med at svara ville bli for vilkårlege. Det trengst ei detaljert sosiolingvistisk utspørjing. Folk har ikkje eit tilstrekkeleg medvit om eit skotsk språk. Mange trur at dei berre snakkar «dårleg engelsk».

Den skotske regjeringa – the Scots Govrenment [ð? 'skots 'g?vr?nm?nt] – og The North/South Language Body i Irland/Nord-Irland har gitt skotsk status som «tradisjonelt språk». Skotsk er verna under Den europeiske pakta om regionale språk eller minoritetsspråk.

Endonymet for språket er Scots ['skots] eller the Scots leid [ð? 'skots 'lid] 'det skotske språket'. Det blir òg kalla Lallans ['l??l?n(d)z] 'låglandsk'. I Ulster kallar dei det Ulster Scots – eller Ullans, etter mønster av Lallans. Scot tyder 'skotte'.

Språkfamilie

Skotsk, engelsk og frisisk utgjer den anglo-frisiske undergruppa av vestgermansk, ei av tre hovudgreiner i germansk – ei grein av indoeuropeiske språk.

Språkhistorie

Angelsaksarar som slo seg ned i Skottland på 600-talet, kalla språket sitt Englisc 'engelsk', seinare Inglis. Soga til Inglis som skriftspråk byrja i 1376, med nasjonaleposet Brus av John Barbour. Namnet Inglis blei gradvis bytt ut med Scottis 'skotsk', tidlegare nytta om skotsk-gælisk.

Det skotske skriftmålet blei sterkt påverka av engelsk. Høgare lag byrja på 1500-talet å snakke eit skotsk-engelsk blandingsmål, og etter reformasjonen i 1560 tok engelsk skriftmål heilt over. Med den engelsk-skotske unionen i 1603 stogga nesten prentinga av bøker på skotsk, bortsett frå poesi. På 1700-talet hadde skotsk poesi ein renessanse, med diktarar som Allan Ramsay, Robert Fergusson og Robert Burns, forfattaren av Auld Lange Syne.

Skotsk er ikkje skulespråk, og det er lite nytta i media. Hovudspråka er engelsk og skotsk-gælisk.

Mange skottar snakkar i dag eit språk som det er vanleg å kalle skotsk, men som er standard engelsk med skotsk uttale – Scottish Standard English 'skotsk standard-engelsk' – i motsetnad til den eigentlege skotsken, ofte kalla Braid Scots [ˈbred ˈskots] 'brei skotsk'.

Språksystem

Skotsk grammatikk skil seg på fleire punkt frå engelsk. Til dømes nyttar ein bunden artikkel i tilfelle der engelsk ikkje har det, til dømes framfor vekedagane, the Wadensday [ðə ˈwa(d)nzde] 'onsdag(en)', og i ein del andre uttrykk, awa ti the kirk [əˈwɑː tɪ ðə ˈkɪrk] (engelsk off to church) 'av stad til kyrkja'.

På skotsk har modale hjelpeverb infinitiv. På engelsk seier ein ikkje «to could» 'å kunne', men på skotsk er det greitt:

  • A uised tae coud dae it, but no nou. [ə ˈjøːzd tɪ kud ˈdøː ət, bət ˈnoː ˈnuː]
  • 'Eg brukte å kunne gjere det, men ikkje no.'
  • (Engelsk: I used to be able to do it, but not now.)

Uttale

Skotsk har ingen einskapleg ortografi. Alle skriv sin eigen dialekt. Ordet som tyder 'hovud', blir uttalt [ˈhid] og [ˈhed] og stava heid, hade, heed eller head. Ordet som tyder 'høg', blir uttalt [ˈhiç] og [ˈhɛç] og stava heich, heech eller heigh.

Skotsk har [x~ç], som ikkje finst i engelsk – jamfør skotsk dochter [ˈdoxtər] 'dotter' og nicht [nɪçt] 'natt'. Vidare har skotsk ein rulle-r [r] som aldri fell bort: dochter [ˈdoxtər] 'dotter', brither [ˈbrɪðər] 'bror' og hert [ˈhɛrt] 'hjarte'.

Lånord

Fleire skotske ord har kome inn i norsk – via engelsk. Mest kjent er glamour. Skotsk glamour [ˈɡlamər] tyder 'magi', 'trolldom'. Ordet kjem via anglonormannisk gramarie 'grammatikk' frå latin grammatica, igjen av gresk grammatikγραμματική. Den norske uttalen [ɡlaˈmuːr] er ei misforståing – ein trur det er fransk, og lèt det rime med amour 'kjærleik'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg