Kreasjonisme er ei trusretning basert på overtydinga om at universet, verda og alt liv er skapt slik Bibelen beskriv det. Kreasjonismen vann fram blant fundamentalistiske kyrkjesamfunn i USA i 1920-åra, i opposisjon til Charles Darwins lære og den moderne evolusjonsteorien.
I seinare år har kreasjonismen og kreasjonistiske synspunkt vunne ny støtte blant konservative kristne i USA og ein del andre land, særleg i Tyrkia og i Aust-Europa. Kreasjonisme opptrer mellom anna under namnet Intelligent Design, som føreset at det er ein plan bak korleis naturen er innretta. I Skandinavia er kreasjonismen eit marginalt fenomen. Kreasjonismen finst i enkelte kristne miljø, men dei fleste, også kristne, ser ingen motsetnad mellom evolusjonsteori og kristendom.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.